Det sei­er Per­nil­le Riise Ei­dem (17) i årets rus­se­sty­re ved Her­øy vi­da­re­gå­an­de sku­le.

Tysdag 12. mars og onsdag 13. mars går dei fles­te av dei to­talt 33 rus­sa­ne ved sku­len med bøs­ser rundt om­kring i Her­øy.

– Vi skal ha ei run­de i Gur­sken også, sei­er Mar­gre­te Warholm (17), som også sit i rus­se­sty­ret.

Det­te støt­tar dei

Det er to år sidan sist herøyruss gjekk for Kraft­tak mot kreft. El­les har det vore tra­di­sjon i man­ge år.

– I år er det kan­skje ekst­ra vik­tig, et­ter­som pen­ga­ne går til fors­king på kreft­ty­par som få over­le­ver, sei­er rus­se­pre­si­dent Simon Vold­sund (18).

Iføl­gje Kreft­for­en­in­gen er lun­ge­kreft og bukspyttkjertelkreft er mel­lom des­se. I dag over­le­ver to av ti lun­ge­kreft og fær­re enn éin av ti over­le­ver bukspyttkjertelkreft.

Pen­ga­ne går også til gode om­sorgs­til­bod for pa­si­en­tar og på­rø­ran­de.

– Dei fles­te av oss er kjek­ke

Russe­gjen­gen, som er ei sa­man­set­ting av yr­kes­fag­ele­var ved Vg2 og ele­var som går På­bygg til stu­die­kom­pe­tan­se (Vg3), er sjølv­sagt med på Kraft­tak mot kreft for­di dei støt­ter saka. Men dei hå­per sam­ti­dig at ini­ti­a­ti­vet bi­dreg til at folk får eit godt inn­trykk av dei.

– Det er ik­kje til å leg­gje skjul på at rus­sen har fått eit litt dår­leg ryk­te. Når folk høy­rer at russ har gjort noko gale, er det lett å dra alle over ein kam og seie at russ er drit­un­gar. Men slik er det ik­kje i det hei­le tatt. Dei fles­te av oss er ein kjekk gjeng, og det er synd at en­kel­te skal øy­de­leg­ge den opp­fat­nin­ga, sei­er Vold­sund.

Så smi­ler han og legg spø­ke­fullt til:

– Vi star­tar med å byggje oss opp, så vi kan bru­ke res­ten av tida på å bry­te oss ned.

Sa­mar­bei­der med po­li­t­iet

I år som før har rus­sen god di­a­log med po­li­t­iet.

– Vi veit kven dei er og dei veit kven vi er. Rus­se­sty­ret had­de møte med ein i po­li­t­iet, og dei har fått ei liste med alle russe­grup­pe­ne og kon­takt­per­son på kvar grup­pe. Vi sei­er ifrå til dei kvar gong vi skal ha eit ar­ran­ge­ment og let dei vite kven som skal vere der, sei­er Vold­sund.