Dette er lasteskip nummer tre og fire til Royal Arctic Line A/S, frå Havyard Design & Solutions. Design er av type Havyard 971 og er mindre enn dei to første skipa. Dei skal betjene småbygder uten vegsamband med matforsyningar og andre livsviktige ting.

- Som ein del av vår strategi om fornying av våre eldre skip, er desse to viktige tilskot og ikkje minst for infrastrukturen på Grønland, seier avdelingsleiar innan Fleet Management, Anders Bay Larsen, i ei pressemelding.

Krav til isklasse

Skipa skal operere på Nordvest-Grønland, og det set store krav til designet på skipa. Dei skal operere i eit tøft klima, inn og ut av små hamner med grunt vann og krav til isklasse.

Havyard 971 er utvikla i tett samarbeid med reiarlaget for å møte desse krava.

- Samarbeidet med Royal Actic Line A/S har vore svært fruktbart. Det er svært gledeleg at de vel oss igjen som designleverandør på sine skip, seier salgsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane i Havyard Design & Solutions.

Levering av første skipet er planlagt i slutten av 2020, og skip nummer to kjem fire måneder senere. Royal Arctic Line har valt Nodosa skipsverft på grunn av deira konkurranseevne og kvalitet på byggestandard.

Fakta

I pressemeldinga heiter det elles: Lasteskipet har to lasterom med kvar sine temperatursoner, fra -25 til + 10 grader. Total lastekapasitet er fem kontainerar eller 60 pallar. Båten har ei lengde på 37,6 meter. Breidda er 10 meter.

Det er kraftige skrog på skipa som trafikkerer i barskt, islagt klima ved grønlandskysten. Foto: Havyard