Årets musikal «Back to the future - for the world’s sake» handlar om klimautfordringane vi har i dag. Musikalen har musikk frå filmklassikarar som «Tilbake til fremtiden», «Gudfaren» og «Schindlers liste».

Torine synest at årets musikal er veldig spennande. Før har der vore ei fast forteljing som følgjer ein person, men i år er det ikkje ei samanhengane handling.

Handlinga skjer rundt forskjellige klimaendringar. Koret står ikkje på fast plass, men dei forflyttar seg frå tid til annan. Sidan forestillinga er så forskjellig i år er mange spent på korleis det blir.

– På eit tidspunkt skal vi vere i ein ørken og eit anna er vi på Antarktis. Eg er veldig spent på om vi greier å gjennomføre det slik at folk skjønar handlinga, seier ho.

Siste musikal for Torine

Denne musikalen er ekstra spesiell for henne. Dette er siste gong ho opptrer på scena i Ørsta kulturhus.

– Eg kjem til å nyte det ekstra og sette ekstra pris på det uansett om eg er utmatta og sliten, fortel ho.

I år er det tredje gongen for Torine og klassa hennar. Ho skal stå i koret med over 50 andre og det er akkurat dette samhaldet ho kjem til å sakne. Koret har eit sterkt band etter heile øvingsprosessen. I heile musikalprosjektet er der ca. 120 elevar og lærarar involvert.

– Alle i koret har godt samhald. Vi sit ilag, har pause ilag, er slitne ilag og vi gjer alt ilag.

Torine gler seg veldig til sceneteppet går opp på første framsyninga. Å sjå ferdig produkt som viser alt arbeidet er alltid kjekt. Sceneteppet går opp og alle nyter opplevelsen stort.  I år gler ho seg spesielt til ho skal spele eskimo på scena.

Heile familien  støttar

Kvart år har heile familien til Torine komt å sett musikalen. Mor hennar hjelper med å sy kostyme, men elles hjelper alle til med kostyma.

– Ho mor kjem til å bli veldig stolt visst ho ser eg har sydd, ler Torine.

Musikalen kan du sjå på Ørsta kulturhus, 19. 20. og 21. februar. Bilettar kjøper ein på Musikalen.no