Jobbkafeen er for arbeidssøkjarar og personar i NAV som av ulike årsaker treng eller ynskjer eit slikt samlepunkt. Kafeen skal vere ein sosial arena der ein samlast for å utveksle erfaringar og byggje vidare på nettverk.

- Dette er eit tilbod på lik linje med dei andre marknadsaktivitetane vi køyrer. Vi skal få inn inn lokale aktørar, både frå det private og det offentlege, og ha fokus på ymse tema som vi vonar vil gi inspirasjon og vilje til aktivitet, seier jobbkonsulent i NAV, Kåre Hansen.

-  Jobb gjennom nettverk

Det er behov for fleire aktive i frivillig arbeid, og jobbkafeen er ein fin måte for arbeidssøkjarar å tette hol i sin CV. Det var godt oppmøte då Frivilligsentralen hadde tema og presentasjon av sine aktivitetar.

- Dei gjer ein kjempeinnsats lokalt, og det var naturlig å starte med dei i og med vi får vere her i desse flotte nye lokala på Herøy Kulturhus. Vi oppmodar alle som ikkje har vore innom om å ta seg ein tur, seier jobbkonsulenten, som har med seg Christina Tollås og Ingvil Frøysok som miljøarbeidarar og ansvarlege for prosjektet.

- Det er fyrste gong eg er med på noko sånt. Det er lettare å skaffe seg jobb gjennom nettverk, og det er interessant at dei som er her er i mange forskjellege aldrar, seier prosjektleiar Ingvil Frøysok frå Moltustranda.

- Sosial arena

- Vi håper at dei som deltek finn tilbodet nyttig. Vi har fokus på at det skal vere relevante tema og aktivitetar som gir noko igjen. Deltakarane kan påverke innhaldet i stor grad, det er eit nytt tilbod, og innhald blir justert etter kvar samling som er ein gong i veka, avsluttar Kåre Hansen som er godt nøgd med fyrste runde med jobbkafe på kulturhuset ved Frivilligsentralen.

Jobbkafeen er eit samarbeidsprosjekt mellom Herøy kommune og NAV Herøy Vanylven.