Herøyværingen – som representerer Litauen på internasjonalt nivå – var trass sin unge alder (fylte 17 år i januar), ein svært viktig brikke på Bergsøy si midtbane i 2018-sesongen. No tyder alt på at han byttar ut Havila Stadion med Høddvoll dei komande sesongane.

Marcinkevicius har allereie trena med Hødd ei stund, og var også i Hødd-troppen då Ulstein-klubben tapte for Spjelkavik før helga.

Bergsøy-trenar Tommy Malins stadfestar at Pijus Marcinkevicius no truleg er tapt for Bergsøy.

– Hødd har gitt han eit tilbod, og Tom (Beddari, red.mrk) og Hødd jobbar no med formalitetane rundt overgangen. Men han har ikkje offisielt signert endå, seier Malins.

– Eit stort tap

Malins har allereie byrja å planlegge utan Marcinkevicius, og innrømmar at det sportsleg sett er eit stort tap for Bergsøy.

– Sjølvsagt er det eit stort tap for laget. Eg såg talentet hans med eingong, men samtidig er det artig å sjå han ta steget til 2. divisjon. Bergsøy skal vere stolte for å ha fått fram eit så stort talent som Pijus, som har ei svært lovande framtid, seier engelskmannen vidare.

– Må gi dei unge sjansen til å lykkast

Bergsøy-trenaren seier samtidig at han forstår det om Bergsøy-fansen er skuffa, men meiner det er viktig å sjå det menneskelege i situasjonen.

– Vår jobb er å hjelpe spelarane våre til å utvikle seg, og gi dei moglegheita til å spele på eit så høgt nivå som mogleg. Eg forstår at enkelte kan bli skuffa over at han går til Hødd, men vi ser ein ung gut som ynskjer å lykkast og då vil vi sjølvsagt legge til rette for det, seier Malins.

– Skulle Pijus på noko tidspunkt ønskje å retunere til Bergsøy, vil vi sjølvsagt ta imot han med opne armar, legg engelskmannen til.

Jobbar med nye spelarar

Malins kan også bekrefte at han for tida jobbar med å hente inn ein spelar eller to til Bergsøy.

– Men det er framleis tidleg på året, sjølv om vi gjerne vil ha spelarane på plass tidleg. Elles så har vi god kvalitet på treningane om dagen, seier Malins, som sjølv kom til klubben frå rolla som spelarutviklar i nettopp Hødd ved nyttår.

Bergsøy spelar sin første treningskamp for året mot Spjelkavik 22. februar. Den første offisielle kampen går søndag 17.mars då Bergsøy møter Ørsta på bortebane til første runde i kvalifiseringa til NM-cupen.