I år har HBK fått tre nye elitespelarar. Jan Ove Kvalsund Hansen og Jonas Kvalsund Hansen rykte begge opp frå 1. div etter fjorårets prestasjonar. Vi ønsker også Matias Sætre velkommen tilbake i klubben etter å ha spela for Hyllestad i år. Henrik Hauge Pettersen har allereie vore blant eliten i eitt år.

Det starta bra for HBK på eliteturnering i Hyllestad. Jonas Kvalsund Hansen og Matias Sætre kjempa seg til kvartfinalen og var inne blant topp 8, noko som er veldig sterkt i eliten. Men dessverre gjekk det ikkje HBK-gutane sin veg, og dei må ta til takke med ein 5.-plass. Vil likevel gratulere med ein sterk prestasjon i eliten.

Jan Ove Kvalsund Hansen fekk 9. plass og Henrik Hauge Pettersen 17.plass, godt kjempa av dei også.