Frøy-gruppa kjøper servicebåtselskapet Stava Sjø AS

Gjennom Ulsteinvik-baserte Frøy Vest AS har Frøy-gruppa kjøpt opp Stava Sjø AS som har sitt hovudkontor i Haugesund og base i Valevåg. Stava Sjø driftar servicebåtar, og er godt etablert i havbruksnæringa.

Trond Stava (t.v.) tek Joar Gjerde i handa. Stava er tilfreds med at Stava Sjø no blir ein del av Frøy-gruppa, og seier at dette vil bidra til vidare vekst av selskapet, og utvikling av tilsette og kundeforhold.   Foto: STAVA SJØ/FRØY GRUPPEN.

New Articles

I ei pressemelding opplyser selskapet at dette oppkjøpet er ein del av strategien til Frøy-gruppa om å bli ein landsdekkande leverandør av servicetenester spesielt retta mot havbruksnæringa. Stava Sjø, som har 17 tilsette, omsette for i overkant av 35 millionar kroner i 2017.

- Frå før dekker Frøy-gruppa Nord-Norge, Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Med oppkjøpet av Stava Sjø er vi godt posisjonert for å vekse ytterlegare i kystområda i Rogaland og videre sørover, seier dagleg leiar i Frøy Vest, Joar Gjerde.

Frøy Vest AS og Frøy Vest Rederi driv med servicearbeid inn mot havbruksnæringa, pluss dykkarinspeksjonar. Selskapet har base i Ulsteinvik, Måløy og Florø.