Klokka 23:47 melde politiet om at dei hadde fått inn fleire meldingar om mogleg promillekøyring i Fosnavåg sentrum. Dei oppsøkte då adressa til bileigaren.

Ikkje lenge etter melde dei at bileigaren, ein mann i 30-åra, har blitt plukka ut som sjåføren av eit vitne. Han blei difor mistenkt for promillekøyring og framstilt for blodprøve. Mannen blir meld for hendinga.

Utforkøyring

Klokka 01:03 melde politiet om ei utforkøyring med bil. Føraren hevda seg uskadd, men melde også om at det var materiell skade på køyretøyet. Airbag blei utløyst.

To minutt seinare melde politiet at føraren framstod som rusa, og at han difor blei kontrollert for promille. Han blåste over grensa, og blei følgeleg framstilt for blodprøve.

Like etter kom det ei ny melding om at føraren, også han ein mann i 30-åra, hadde klaga på smerte i haudet. Han fekk difor tilsyn frå helse. Samtidig melde politiet at føraren ikkje har gyldig førarkort, då han har fått det inndrege under ein anna køyretur i rusa tilstand.

Bilen blei ståande i vegbana i ein times tid før bilberging fekk fjerna køyretøyet.