Det var litt før klokka 16.30 meldinga kom. I bilen som hadde vore involvert i uhellet, var det ein person. Føraren var ved bevisstheit, melde politiet.

Naudetatane rykte ut til ulukkesstaden.

Etter det Vestlandsnytt får opplyst, har bilen treft eit tre. Det skal vere snakk om store materielle skadar. Føraren, ei kvinne, er send til sjukehus med ambulansebil.