På grunn av sjukdom maktar ikkje Træff å stille lag til søndagens planlagte bortekamp mot Bergsøy i Herøyhallen. Kampen blir difor utsett. Ny dato kjem, melder Bergsøy handball på si Facebook-side.

Handballdamene til Bergsøy har imponert denne hausten, og vann sju strake kampar i sesonginnleiinga. Men i møtet med tabelleiar Molde HK 2 blei det tøft, og jentene måtte tåle sesongens første tap. Førre helg blei det siger mot Orkanger 2 og uavgjort mot Rindal. Begge på bortebane. Men trenar Aukse Aglinskiene har ikkje gitt opp opprykkshåpet, og forsikrar om at dei vil kjempe vidare også i 2019.