Nokon opnar hovuddøra til Herøy kystmuseum, akkurat lenge nok til at eit brotstykke av ein kjend julemelodi strøymer ut i friluft. Kjelda til musikken ser vi gjennom rutene. Og det vi ser er varme. Det er ei slik varme som oppstår når menneske samlast og har ei koseleg stund i lag. Der er mykje folk, og dei syng i kor.

Då vi kjem inn, er det tydeleg kva dei held på med. Juletregang. Stova er ikkje vidare stor, men der er plass til alle, og dei går rundt treet – med levande lys – og syng julesongar medan unge Thomas Frekøy Skeide spelar piano.

Juleverkstad

Ved eit bord i ei stove, like ved kjøkkenet i hovudhuset, finn vi vesle Hanna Kvalsund Brendmo (6). Ho har ferske plasterappar på to fingrar, men smiler, like fullt, eit breitt og delvis tannlaust glis.

– Det skjedde då eg spikka julenisse, forklarar ho.

Men trass det vesle uhellet, var nissespikkinga veldig gøy. Morosamast var det likevel ikkje, for ...

– Alt var like gøy!

Hanna har fått vore med på det meste; ho har laga linpose, julehjarte og julekort, og ho har fått seg tinnsoldat og høyrt juleeventyr. Dessutan har ho spist nissegraut.

Ville lage ei kosestund

Ved inngangen til kjøkenet står Berit Klepp i Herøy Mållag klar med forkle på magen og grautsleiv i handa. Risengrynsgrauten er spist opp, men mot slutten av dagen er det framleis rjomegraut til den som vil ha. Sveler, kaker, saft og kaffi kan også vere godt å smake.

Det var Berit som først lanserte ideen om juleverkstad på Herøy gard.

– Her har vore det før, for nokre år sidan. Ideen var at dette skulle handle om fred og ro i førjulstida, og ikkje sånt stressande "kjøpesenter-køyr". Og skulle det vere noka vits, måtte det bli på Herøy gard, fortel ho.

Heldigvis var kystmuseet positive, så då vart det slik.

Mykje folk

Styremedlem Kathrine Bø Hungnes i Herøy sogelag har stått på post for å hjelpe barn med produksjon av linposer og julehjarter i ishavsmuseet stort sett heile dagen. Av og til har ho kika ut, og det har vore ein sann fryd, synest ho.

– Det har vore heilt magisk, med veldig mykje folk. Eg trur det må ha noko å gjere med at vi er på Herøy. Folk går og trakkar midt i vårt største kulturminne, og det trur eg dei likar. Eg har høyrt nokre kommentarar: «Tenk kor det var her i gamle dagar», seier Hungnes, som godt kunne tenkje seg å lage tradisjon av arrangementet.

– Viss alle samarbeidspartnarane er med vidare, gjer vi det gjerne igjen, seier ho.