– Visste de at vi har eit stort og trollete troll?

Hadde det ikkje vore for den velkjende pinnen ho held i handa, kunne det ha vore vanskeleg å skjøne at personen framfor oss er Herøy Janitsjar sin nyaste dirigent. Marianne K. Giske liknar nemleg mest på ein prompepute, der ho står med eit rundt, rosa, gummiaktig kostyme frå topp til tå. Bak ho sit korpset, og mellom dei ser vi korkje kjole eller dress. Jungeldyr, nissar, troll og andre kreative, fargerike skikkelsar finn vi elles mange av.

– Veit de kva? Han kan faktisk spele klarinett, held Marianne fram, og let blikket fare over publikumet i Herøy kulturhus. Nokre av tilskodarane står framfor seta sine. Andre sit på eit fang eller vert lyfta opp i lufta. Under halvparten sit rett opp og ned – og dei er stort sett foreldre. Men så er det også slik det skal vere på ein draumekonsert for dei aller, aller minste.

Marianne held fram:

– Trollet spelar bassklarinett. Og han har laga ein heilt eigen song som heiter «Skogtrollet».

Trass litt «naturleg makking», sit dei fleste barna som fortrylla. Dei har gjort det heilt sidan trommeslagarane sette igang med stemningssetjande jungelrytmer og musikantane kom dansande inn med kostyma sine og livlege jungelrop. Då dei fann plassane sine og sette i gang å spele kjenningsmelodien til «Jungelboken», fekk publikum dessutan sjå Mowgli, Balloo og fleire andre frå den kjende filmen danse på kinolerretet.

Etterpå sa «prompeputa» at alle barna som ville det, kunne kome fram, for då skulle korpset spele «Fly av sted» frå «Karsten og Petra». Det vart eit flott barnekor!

Mykje meir enn musikk

Under sjølve konserten fekk barna eit møte med kjende og kjære songar frå si eiga TV-verd. Dei fekk også nyte eit par teaterstykke, framførte av dramaelevane ved Herøy kulturskule, med dramalærar og forteljar, Melissa Nerland Paulsen, i spissen.

Men denne dagen handla om meir enn underhandlinga på scena. I vestibylen var der nemleg både kiosk, tombola, ansiktsmåling og ein klovn som dela ut ballongdyr. I pausen viste det seg at han også kunne trylle!

Ein dag for barna

– Herøy Janitsjar har gjort mykje spennande før, men det har vore mest for vaksne. Eg har ei forkjærleik for denne aldersgruppa og har ei dotter på tre år sjølv. Dette skal vere ein godtepose for barn, seier Marianne K. Giske, som har vore dirigent i korpset i om lag fire månadar.

Ho har vore med å arrangere liknande konsertar fleire gongar før, men aldri i Herøy.

– Det byrja for mange år sidan, då eg dirigerte eit korps på Sjøholt, ”Ørskog Brass”. Der var lite tilbod til barn, seier ho.

Seinare har ho vore innom både Sykkylven og Ulsteinvik med konseptet. Men draumekonserten i Herøy skil seg litt ut.

– Vi har gjort han meir julete. Og ingen konsertar er like – det er litt kjekt, avsluttar Giske.