Det er eit utval sett saman av representantar frå Høgskulen i Volda (HVO) og Statsbygg, med eksternt innleigd leiar, som har evaluert dei fire innsende løysingsforslaga med pristilbod, skriv høgskulen i ei pressemelding. I grunngjevinga til utvalet heiter det mellom anna:

- «EXPO» tek på ein svært god måte vare på funksjonalitet, lesbarheit og løysing i høve krav til nærleik mellom viktige mediefunksjonar. Bygget står fram som fleksibelt med faste repetisjonar, god takhøgde og god plass til nye føringsvegar. Generaliteten vert teken vare på av rominndeling og takhøgde der romma kan takast i bruk til andre føremål. Viktige mediefunksjonar er plasserte langs glasfasadane som vender mot Joplassvegen. Denne løysinga svarar godt til å gjere aktivitetar synlege utanfrå.

PEAB/ K Nordang AS har med seg eit team som består av arkitektar frå Link arkitektur og rådgivarar frå Cowi på akustikk, ECT på elektro, Norconsult på systematisk ferdigstilling og livssyklusanalysar og ART på prosjekteringsleiing.

Det er Statsbygg som er byggherre og seinare eigar av bygninga, som skal leigast ut til HVO. Dei har også stått for skisseprosjektet for det nye bygget. 6. desember vedtok styret ved Høgskulen i Volda at prosjektet skal vidareførast. Statsbygg vil no inngå kontrakt med totalentreprenøren og gjere løysingsforslaget om til eit forprosjekt.

- Eit løft

Fungerande høgskuledirektør Per Halse omtalar dette som eit løft.

- Det nye mediebygget vil vere eit løft både for medieutdanningane våre og campus generelt, seier fungerande høgskuledirektør Per Halse.

Dekanen ved Avdeling for mediefag Audhild Gregoriusdotter Rotevatn jublar.

- Vi er stolte av at vi no, etter mange års planlegging, snart er klare til å sette spaden i jorda for Noregs beste undervisningsbygg for mediefag, og med nye og framtidsretta arbeidsplassar for femti dyktige tilsette. Medieyrka er i stor endring. Eit nytt bygg gir oss moglegheiter til framtidsretta undervisning og forsking i yrkesretta mediefag, seier ho.