Serien vil gå på statskanalen kvar adventssøndag fram til jul, og Inger-Lise er altså med i det første av fire program.

- Eg vart oppringd av NRK med spørsmål om å bli med i programmet. Dei hadde snakka med folk i bransjen og kome over ein artikkel i Aftenposten frå førjulstida i fjor. Dermed vart eg med, seier Inger-Lise til Vestlandsnytt.

150.000 følgjarar på Instagram

Inger-Lise er interiørdesigner og har ein Instagram-profil med over 150.000 følgjarar. Det er bakgrunnen til at ho er med i programmet. Ho vert rekna som ein kapasitet på dette med pynting, ikkje minst til høgtider som jul.

- Difor er det fokus i programmet på å få tips til å pynte til jul, og få et personlig preg på det. Og så samanliknar dei med julefeiringa for hundre år sidan, fortel Inger-Lise.

Herøy-dama hadde først besøk av NRK på heimebane. Dei var også på tur i skogen, der Inger-Lise hentar inspirasjon når ho pyntar til jul. I tillegg var ho gjest i NRK-studio i Ålesund.

Programmet går på NRK1 før Kveldsnytt søndag kveld.