Møyfrid Tveten vart openbert overraska over å bli tildelt den gjeve utmerkinga - 20.000 kroner frå Sparebanken Møre, under «gjenopningskonserten» i Gursken kyrkje søndag. Om ho har grunn til å vere overraska kan kanskje diskuterast. Den folkekjære dama har nemleg vore særs aktiv innan kulturlivet i Sande gjennom… ja, nærast heile livet!

Banksjef Kjell Ove Vasstrand grunngav avgjersla slik:

- Kulturprisen for Sande går i 2018 til ein kandidat som gjennom eit  langt liv har bidrege til det kulturelle mangfaldet i Sande, og som med engasjement og kunnskap har lagt til rette for gode kulturelle opplevinga, og sikring av kulturminne. Vedkomande har lang verketid, breidde i engasjementet og stor kapasitet.

Han ramsa opp nokre av dei mange aktivitetsområda:

- Trufast arbeid i kulturlaget i Gursken

- Soge og museumsarbeid

- Innsats i kyrkjeforeining og sokneråd

- Segn og Soge

- IOGT

- Føredrag, kåseri og appellar.

- Nemnda har lagt vekt på både breidda i engasjementet, kvaliteten i arbeidet, nedslagsfeltet og den lange verketida, sa Vasstrand.

- Vil ikkje behalde pengane

Møyfrid visste at kulturprisen skulle bli delt ut under konserten, men at det var ho som skulle få den, fall henne ikkje inn.

- Då eg høyrde at prisen skulle bli delt ut i kyrkja, tenkte eg at kanskje kyrkjeforeininga skulle få den. At det skulle bli meg var heilt uventa. Her er så mange andre flinke folk. Men jau då, har heldt på i mange år, seier ei glad Møyfrid etter konserten.

20.000 kroner kjem godt med, medgir prisvinnaren. Men ein ting er sikkert:

- Eg trur ikkje eg  kjem til å bruke dei på meg sjølv. Kanskje eg gir vekk ein del til kyrkja og det vidare arbeidet her.

60.000 til kyrkja

Etter overrekkinga av kulturprisen, overraska banksjefen dessutan alle med nyheita om at Sparebanken Møre gir kyrkjeforeininga 50.000 kroner til  det vidare oppussingsarbeidet.