Det kan nok også seiast om redaksjonen i Herøy Sogelag. Det er endå ein gong skapt eit årsskrift som ei gåve til oss alle.

Her er det forteljarglede, dokumentasjon og journalistikk på høgt nivå. Målgruppene er mange. Her vert fortida teken med til notida. Samtida og framtida får her mykje å takke for. Årsskrifta representerer særs verdfull formidling. Det som er prenta i bokform vil overleve oss alle. Tidene vil nok endre seg, men lukkeleg er den som kan setje seg i godstolen og lese «Folk og Fortid» også denne jula.

Johan Moltu  sin artikkel om båtbrannen på Remøya i 1953 er eit meisterstykke i forteljande og illustrert dokumentasjon. Eg var ikkje kjend med den traumatiske hendinga, men eg kjem aldri til å gløyme det eg her fekk lese. Å hente så mykje forvitneleg  over til årsskriftet er eit storarbeid.

Leif Skorpen laga i 2011 ei bildebok frå Skorpa, og i ein rikt illustrert artikkel vert glimt frå samlinga tilgjengeleg også for lesarane av «Folk og Fortid». Prenta fotomotiv lagrar detaljar og gir opplevingar i mange år framover. Det er kjekt å ha ei innhaldsrik fotosamling, men eg vil tru Leif Skorpen får auka glede av å sjå desse bilda frå meir enn hundre år på prent saman med oss andre.

Også ettertida vil takke Ole Arild Bø for at han med slik journalistisk breidde fortel om planlegginga av Herøybrua.  Å sjå samanhengane krev vurderingar og ettertankar, og Bø spør «Kvar skal brua og vegen gå?» Dei som var i samtida den gongen har minne og meiningar som truleg også kan dele eller utdjupe svara på dei spørsmåla som vert stilt innleiingsvis i den grundige artikkelen med fleire klipp frå Vestlandsnytt.

Nelly Sævik (1923 – 2011) var yngst av ti sysken. Ho fortel her om kvardagsslit og helgemoro i Sævikane. Heldigvis skreiv ho ned minna frå yngre år, som ho no kan dele i årsskriftet. Gode illustrasjonar vil gjerne også fortelje.

Lokalhistorikaren Otto Jøsok har meir å fortelje. Denne gongen om dampbåten DS Grei, som gjekk i rute mellom Volda og Ålesund i fleire tiår frå kring 1920. Soga til fjordabåtane høyrer også med, og interessa for samferdsle den gongen kjem også fram gjennom særs relevante illustrasjonar.

I dei fleste lokalsamfunn vert det i ulike høve halde viktige attersyn, kåseri og talar som i samtida får handfagning og takksemd. Talaren tek vidare hand om manuskriptet, og framføringa kan då verte avgrensa til opplevinga der og då. Mykje av det som kjem frå talarstolen fortener vidare liv. Det gjer «Folk og Fortid» noko med. No kan vi lese Kåre Kvalsvik sin prolog til brufesten på Nerlandsøya i 1968 og Odd Goksøyr si 17. mai-tale på Runde i 2018.

Sogelaga flest har også verksemd knytt til slektsgransking.  I «Folk og Fortid» fortel Otto Jøsok om østerdølen Erik Ivarson Herdal som kom til Sunnmøre kring 1725. Dagrunn Jøsok skriv om Dina og Peder i Leikong-bakken, som gifte seg i 1894 og fekk 12 born, fyrst sju gutar og så fem jenter, – og ei talrik etterslekt.

Englandsfararen Mindor Berge (1916 – 1942) har eit av 13 namn på minnesteinen utanfor Herøy kyrkje. Minnesteinen vart avduka i 1946 med innskrifta «Gav sitt liv for Noreg 1940 – 1945». Ole Arild Bøe spør «Kva skjedde med han?».  Svaret byggjer på fleire kjelder, og krigsminna må vi ikkje gløyme.

«Herøyprofilen» er Stine Goksøyr, –  som sidan 2011 har bygd opp ko:ko, klesmerke, designfirma og nettbutikk med millionomsetning og over 100.000 selde kjolar. Eventyret kan no formidlast og forteljast fleire gonger også seinare, mellom anna slik Torill Myren skriv om det i årsskriftet.

«Folk og Fortid» er også i samtida, og spør: «Karr dei vart ta?». Denne gongen har Ole Arild Bø funne fram til Kristian Ytre-Hauge (f. 1983), frå Moltustranda, som no bur i Bergen og har allereie livsinnhald og verksemd det står respekt av.

I verksemda til Herøy Sogelag høyrer det også med å dele årsmelding og rekneskap med dei mange medlemmene. Då var det også greitt å få minne om kva som var det i årsskriftet 2017.

Ei bok har også ein grafisk profil og ein bokbunad å svare for. Formatet er lett å kjenne att og er godt tenleg som årsskrift. Innleiingane til kvar artikkel er forteljande og skaper leselyst. I sogelagsarbeid er mange fotografi svart-kvitt, og då friskar det opp med fargebilde inn i tidsperspektiva. Bildetekstene er informative. Det flotte årsskriftet er rikt illustrert, men kreativiteten er noko mangfaldig. Innimellom er storleik og plassering av bilda ikkje like god.  Større bilde som går over til ny side får eit felt i bretten som øydelegge bildeflata. Då er det betre å avgrense bildet til full sidebreidde. Å ha kartutsnitt på innsidene av omslaget er også nyttig, – sameleis  kontaktadresse til redaksjonen.

Herøy Sogelag gir også ut ein flott kalender, - med mange gode motiv å sjå fram til. Det ligg mykje entusiasme i namnsetjinga, noko som gir kalenderen verdi også som historisk dokument.

Mange ser nok fram til å få ei julegåve innpakka i format 20 x 20 x 1 cm, – gjerne også med Herøykalenderen 2019.

Jostein O. Mo

Coverbildet på Herøykalenderen