– Her er so mange flinke handverkarar, bakarar og kokkar både i bygda og elles rundt om. Det er derfor vi opnar opp dørene, og no inviterer til den 11. førjulsmessa.

Det seier Arild Sande og Brit Gurskevik, som gir ein varm velkomst då Vestlandsnytt kjem til Vike-Petterløda på søndag. Inne på gardstunet og i løa har bygdefolk og tilreisande samla seg for å vitje dei 21 utstillarane som i år bidreg til å skape førjulsstemning i Haugsbygda. Og her er det noko for kvar ein smak.

– Ei fin atmosfære

Det startar i det som tidlegare var gjødselkjellaren. Her er det utstilt såper, glaskunst, tova produkt, vev og lappekunst. I kjellaren møter vi Inger Lise Gjerde og Nina Tærud-Johansen, to damer som trivst godt med å få vise fram ulike ting dei sjølv har laga.

– Det er ei veldig fin atmosfære i løa når vi samlast slik. Vi vil rose dei to som eig løa, Gurskevik og Sande, som legg til rette for denne fine tradisjonen, seier dei to.

I etasjen over sit årets utstillar på messa, Reidunn Hareide. Ho viser fram abstrakte måleri, rett ved sida av kafeen der ein får nyte litt heimebakst.

Ute på tunet er det treverk og fisk som står sentralt. Her vert det selt nøtteknekkarar, og Njardar, representer av Jan Nærø, byr på eit rikt spekter av fiskeprodukt. Inne i eit lite uthus har ein samla fleire aktørar på ein fellesstand.

Den siste bolken med utstillarar finn vi øvst i løa. Her er det fyrst lefser frå Ørsta å få i inngangspartiet, og julebrød står for tur rett etterpå det igjen. Også her finn vi fleire handverkarar, med alt ifrå keramikk, smykke, skinnprodukt til barneklede og diverse produkt av villsau. Kort sagt, noko for alle og ein kvar.

Visingsarena

– Det er rett og slett ein lågterskel visingsarena for alle dei dyktige handverkarane som sit i kvar sin kjellar og produserer flotte ting. Det står litt i kontrast til dei større messene som er dyrare å delta på, utdjupar Gurskevik etter å ha vist oss litt rundt.

Overskot til kyrkja

Førjulsmessa har ein tradisjon med å dele ut overskotet frå messa til eit godt formål. I år går det til kyrkja som ligg like i nærheita av løa, nemleg Gursken kyrkje.

– Ja, vi vil støtte opp under dette arbeidet med å bevare kyrkja. Derfor tek vi kostnaden for å få bytta ut alle lyspærene, avsluttar Sande.