Sjå kven som har søkt rådmannsstillinga i Sande

Fire kvinner og fem menn står på søkjarlista til den ledige rådmannsjobben i Sande.

Vil bli rådann: Sande kommune har fått inn ni søkjarar til den ledige stillinga om administrativ toppsjef.  Foto: Endre Vorren

New Articles

Sande kommune søkte tidlegare i haust etter ny rådmann, etter at Asle Giske måtte seie opp av helsemessige årsaker.

Kommunen har nytta rekrutteringsselskapet Headvisor i rekrutteringsprosessen, og etter første gongs utlysing står ein med ni søkjarar.

- Rekrutteringsgruppa, saman med hovudtillitsvalt, skal ha møte i dag om den vidare prosessen framover, sa ordførar Dag Vaagen til Vestlandsnytt måndag morgon.

Søkjarlista

Zameer, Hassam (28, m), student, Stavanger.

Hattrem, Ingvild Nergård (38, k), jobbsøkjar, Ålesund.

Gaarder, Thorbjorn (63, m), chief credit officer, Oslo.

Øvrelid, Silja (27, k), leiar for plan, byggesak og geodata, Hareid kommune.

Dalen, Trude Kristin (55, k), personalleiar, Ulsteinvik.

Fure, Olav (54, m), bussjåfør, Volda.

Aglen, Trond Arne (47, m), avdelingsdirektør/leiar stab for verksemdstyring, Ulsteinvik.

Bjørke, Kai-Rune (45, m), kommunalsjef, Ørsta.

Fivelstad, Andrea (55, k), økonomisjef, Ørsta.