Kampen starta ikkje bra for Bergsøy då dei møtte FK Sykkylven på bortebane fredag kveld. 12 minutt inn i kampen kom kampens første scoring. Det var Thomas Skar som sette ballen i mål. Men dette var dessverre på feil side av bana. Dermed var det heimelaget som tok føringa i kampen. Bergsøy svara likevel etter flausen på eigen banehalvdel. Marius Sporstøl utlikna i det 30 spele-minuttet. På fenomenalt vis skrudde han ein corner rett i mål. Eitt minutt før pause, fekk Bergsøy også ein farleg sjanse, då Franjo Tepuric prøvde å heade ballen i mål. Forsøket vart derimot stoppa av ei flott redning av FKS-keeper Kay Remi Smørdal.

- Sporstøl viser ein maktdemonstrasjon. Han har ein høgre fot som motstandarar bør frykte når det kjem til dødballar. Det han viser med denne scoringa er fenomenalt, skryt Bergsøy-trenar, Toni Sandanger.

Elles fekk to Bergsøy-spelarar gule kort i 1. omgang. Trym Rekkedal felte Stefan Hunhammer Eikrem. Konsekvensen blei eit gult kort og eit skummelt frispark som nesten sikra FKS eit mål. Etter 36 minutt gjorde Daniel Kvalsvik Jøsok to harde taklingar som også resulterte i det gule kortet.

Overtidsmål blei avgjerande

Allereie tidleg i andre omgang, prøvde Marius Sporstøl å skape trøbbel for heimelaget då han smelte til med eit stongskot. Heimelaget slapp med skrekken. Lenge såg det ut til at det skulle bli uavgjort i seriens nest siste kamp, men Bergsøy var ikkje ferdige. 2 minutt på overtid, sat det for Dani Rønnestad Hansen, då han sette ballen via ein FKS-forsvarar.

- Dette er heilt fenomenalt. Våre yngre spelarar imponerar. I dag er Sporstøl banens beste. Eg er enormt stolt av kva han får til, seier Sandanger, som også applauderer Rønnestad Hansen for fenomenal innsats på overtid.

- Det var enormt spennande.

Mannefall gjorde det vanskeleg

At fredagens kamp skulle bli spennande, var trenaren fullt klar over. Det var nemleg stort mannefall i rekkene til herøyværingane.

- Vi manglar fleire sentrale spelarar, og eg var veldig spent på korleis kampen skulle gå. Eg følte ikkje eg hadde heilt kontroll. Plutseleg var der fleire spelarar som ikkje kunne møte, seier Sandanger, som elles håpar sjukdom og skade ikkje skal skape trøbbel også i siste serierunde.

Rosar junior-spelarar

Men heldigvis har Bergsøy ein sterk stall av unge junior-spelarar som fredag viste kva dei var gode for.

- Vi klarer, imponerande nok, med mange dyktige junior-spelarar, å vinne kampen. Det er sterkt. Eg er veldig stolt over det vi får til, seier Sandanger.

Serieslutt og heilt ope

No gjer Sandanger og mannskapet seg klar for ei real og verdig avslutning på det han meiner har vore ein kjempesesong for Bergsøy. Opprykk er framleis mogleg, då Bergsøy har like mange poeng som serieleiar AaFK 2. Fredag møter Bergsøy Valder på Havila Stadion, og Toni lovar pang-avslutning.