Eit av fjorårets beste album blir ein av haustens mest spennande konsertar på Fosnavåg konserthus. Ola Kvernberg si plate Steamdome blei på tampen av 2017 kritikarrost over heile linja, og omtalt som eit meisterverk. Det er eit rytmisk, drivande lokomotiv av eit band, som hentar inspirasjon frå et utall sjangrar – alt frå spagettiwesterns til country, jazz og rock – Du har neppe høyrt noko liknande før.

Steamdome er reindyrka perkussiv musikk. Progressiv og brutalt framstormande som eit løpsk tog. Livsbejaande, surrealistisk og svulmande som Sergio Leones spagettiwesterns. Steamdome dampar av visuell energi. Musikken snor seg mellom steile klipper, enorme panorama, krappe svingar, stup og nattlandskap der det einaste haldepunktet du har, er den suggerande rytma frå eit tog som aldri stansar.

Ola Kvernberg har handplukka eit hardtslåande maskineri av musikarar til Steamdome. Lokomotivet blir drive framover av trommisane Erik Nylander (Mechanical Fair, Liarbird), Børge Fjordheim (Morten Abel, Sivert Høyem, Monica Heldal) og Hans Hulbækmo (Broen, Atomic, Moskus) saman med bassist Nikolai Hængsle Eilertsen (BigBang, Elephant9, Band of Gold). Forutan Ola Kvernberg sjølv på fele, bratsj m.m. sørgjer gitaristen og altmoglegmannen Øyvind Blomstrøm (El Cuero, Odd Nordstoga, Stein Torleif Bjella), den nytenkande organisten Daniel Buner Formo (Trondheim Jazzorkester, Kobert, Formo Tre & Metall), lydmann Tor Breivik og lysdesignar Ingrid Skanke Høsøien for at alt går på skjener.

Konserten er støtta av Norsk kulturråd

BJØRN HOLUM