På ei regional turnering i Bergen spelte "Team Hansen" frå HBK i 1.-divisjon.

Jan Ove Hansen har igjen funne forma, og spela seg heilt til finalen. Der møtte han Tommy Wolff, som han faktisk slo tidlegare i turneringa. Wolff var svolten på revansje, og vann 7-5.

Juniorspelar Jonas Kvalsund Hansen kjempa også godt, og fekk ein 5. plass.

- Ikkje verst for en junior i denne klasssa, kommenterer Even Eiken Pettersen i HBK.

Heimeturneringa

På heimebane i Fosnavåg stod HBK seg veldig sterkt i 2.-divisjonsturneringa. Ali Mirzaie kjempa seg utan tap fram til semifinalen, men tapte mot klubbkollega Vegard Notøy, og fekk dermed ein delt tredjeplass saman med Astrid Eiken Flage frå Hyllestad.

I finalen vart det eit reint HBK-oppgjer: Vegard Notøy mot Edvin Eri Pettersen. Sistnemnde hadde akkurat vunne mot Astrid Eiken Flage. Det skulle syne seg at Edvin var sterkast denne gongen, og tok gull etter siger 5-1.

- Godt kjempa av alle mann, heiter det i ei oppsummering frå Herøy biljardklubb.