Då eg opna Facebook idag kom det opp ein annonse på eit flott hus på Sandsøya til sals. Med heile fem soverom, god stand (i alle fall betre enn Sandebu) og ikkje særleg dyrt heller. Då fekk eg stadfesta at der er hus å få kjøpt. Flott for Sandsøya, Sandefisk og for tilflytting.

I alle politiske avgjerdsler er det mange meiningar og drøftingar på korleis ein skal løyse det. Men ein fellesnemnar, som burde vere ei sjølfølge, må vere at dei tyngste argumenta bør kome frå dei som kan det. For dei som ikkje heng med, snakkar eg sjølvsagt om saka om Kong Arthurspelet - eit vere eller ikkje vere i høve til huset «Sandebu».

Dei som kan spelet. Dei som har halde på med det sidan Kongsvollen berre var ei mark i 1999. Dei som sit på den tyngste erfaringa og fagkunnskapen i høve dette spelet og andre oppsetningar, samt styret i KA-spelet – alle dei seier det same. Eit hus med god plass, varme, toalettfasilitetar, vatn, straum, sy-rom og kjøken er HEILT naudsynt for å halde i gang eit så stort spel med så mange aktørar og personar rundt.

Då er det for meg uforståeleg at det er noko sak kva andre meiner og tenkjer om det? Når regissør, styret og aktørar seier det same. Eit hus er heilt naudsynt (eg repeterer meg sjølv med vilje)! Uansett om utanforståande eller dei som ikkje har vore med i drift av spelet seier noko anna.

Så kjære Sande kommune, både i denne og i alle andre politiske saker i framtida, høyr på fagfolket! Det er dei som kan det. Og det handlar for all del ikkje om mangel på kreativitet – for viss det er nokon som har kreativitet i kroppen, så må det vere styringsgruppa i Kong Arthurspelet.

Sjølv har eg vore aktør i mange år - og opp gjennom barndommen har sjølvtiliten vakse saman med spelet si utvikling.  Ein fantastisk viktig del av min oppvekst. Sande kommune burde vere svært stolte av dette spelet, kulturtilbodet det er for barn i alle aldrar og turismen det gir Sande.

Sande kommune burde fronte og hjelpe på alle moglege måtar. For dette dreg folk til kommunen og Sandsøya. Og folk får opp augene for kor vakkert det er på Sandsøya og i Sande. Eg er heilt sikker på at dette må vere veldig positivt for tilflytting.

Her har også Sandsøya moglegheit for å bruke denne helga til marknadsføring av eiga øy. Det er berre fantasien som set grenser.

Sara F. Wiik