Mannen er dessutan dømd til å betale ei bot på 95.000 kroner, samt 10.000 kroner i sakskostnader.

Bakgrunnen til straffa er at ein samrøystes tingrett har funne det bevist at mannen i perioden 2011  2015 unndrog eit beløp på 957.857 kroner frå skattlegging. Beløpet skulle ha vore skatta frå ein for skattemyndigheitene ukjent formue mannen hadde på kontoar i Luxembourg, Singapore og Jersey.

- Retten meiner det er bevist ut over ein kvar rimeleg tvil og fornuftig tvil at den tiltalte hadde fast bustad i Norge i perioden tiltalevedtaket gjeld, og at han har handla i strid med si plikt til å betale skatt av formuen sin i utlandet til Norge i same periode, heiter det i domen frå tingretten.

Syner til forklaringa hans

Ved vurderinga av bevis vert det også synt til mannen si eiga forklaring om at han ikkje har innrapportert skattepliktig formue på korrekt vis. Punkt 1.5.6 i sjølvmeldinga om «formue i utlandet» er heller ikkje fylt ut, påpeikar tingretten.

- Det er ikkje nokon grunn til å misforstå reglane, heiter det mellom anna i vurderingane i retten. Her vert det også synt til ein skatteavtale mellom Norge og Singapore som regulerer formuesskatt, og at nordmenn skal skatte til Norge av sin formue.

Retten meiner dessutan det ikkje er tvil om at mannen visste at han fekk skattemessige fordelar ved å unnlate å opplyse om formuen i utlandet.

Beløpet som er unndrege er ikkje så stort at det kjem under nemninga «meget betydeleg», ei klassifisering som er viktig med omsyn til straffeutmålinga. Retten slår likevel fast at er det gjeld eit «betydeleg beløp».

Oppdaga ved bruk av betalingskort

Konklusjonen i retten, der det vart ført rekkje sakkunnige vitne, er dessutan at skattesviket for åra 2010 til 2015 ikkje er å rekne som grovt. Men etter 1. oktober 2015 isolert sett vert skattesviket rekna som grovt. Mannen brukte også betalingskort knytt til utanlandske konti, noko retten meiner har ført til at unndraginga ikkje var særleg vanskeleg å oppdage.

I skjerpande retning tel det at det er snakk om eit betydeleg unndrege beløp. To formildande omsyn ein har kome fram til understraffeutmålinga, er at saksbehandlingstida har vore lang, samt at mannen har erkjent dei faktiske forholda.

Skatteunndraginga vart først oppdaga i 2014 i samband med Skatteetaten sitt landsdekkjande betalingskortprosjekt.