Før du les dette skal det vere sagt at eg ikkje følgjer med i alle saker som blir tatt opp av kommunestyret i Sande kommune, men denne saka klarer eg ikkje å la vere å kommentere.

Sidan eg var 6 år gammal har eg vore aktør i Kong Arthurspelet. Då var eg sau. 17 år seinare tok eg rolla som Kong Arthur av Britania – og for ei reise dette har vore. Eg har gjennom desse åra lært mykje om karakterarbeid, samspel på scena og kor viktig det er å leike seg. Herregud, så mykje gøy eg har hatt det på Sandsøya, med øving, venting, flørting, regn, sol, snø, haust, vår, venting og kjærleik! Dette er årets høgdepunkt for fleire av dei involverte.

I øvingsveka før Kong Arthurspelet blir det skapt magi på Sandsøya, då barn og vaksne møtes til dugnad og for å lage ei best mogleg framsyning. Her har eg vore vitne til samhald på kryss og tvers av bygder og kommunar. Med sterke personar i spissen er Kong Arthurspelet blitt Sande kommune sitt beste varemerke. Samhaldet eg med jamne mellomrom er vitne til på spelplassen er magisk. «Kongsvollen er plassen der vaksne blir barn og barn blir vaksne» sa Kevin Myklebust ein gong. Kloke ord Kevin, kloke ord.

Eg har nyleg fullført ein bachelor i Drama og Teaterkommunikasjon ved OsloMET, er leiar i ei eiga teatergruppe, står Stand Up rundt omkring i hovudstaden og spelar improteater på ei av Oslo sine mest populære scener. Dette hadde eg ALDRI gjort, hadde det ikkje vore for Kong Arthurspelet. Eg er evig takknemleg for moglegheita til å utfalde meg kreativt, og vil sende ein takk til både Oddbjørn Hagen, Astrid Julie Saure og alle andre som har kome med positive tilbakemeldingar, og tips til korleis eg kan gjere det betre på Kongsvollen. Det er så mange som har vore med på spelet opp gjennom åra, og det er ikkje mange som har valt å gå vegen for å bli skodespelar. Nettopp difor er Kong Arthurspelet så viktig – her møter du ein røyrleggar, ein prest og ein 6-åring for å skape humoristisk teater i lag. Og det har vore steikje bra! Vi har godt av å utfolde oss kreativt, og for barn, ungdom og vaksne i Sande kommune så er dette einaste moglegheita vi har til å spele teater. IKKJE LA DENNE MOGLEGHEITA FORSVINNE! Vi er ikkje divanykkar eller råflotte – vi ser behovet for å ha ein stad med tak. Vi treng ein plass å ha kostyme, sy kostyme, ete mat NÅR det regnar i august, sminke, og varme. Det ligg så mykje innsats, dugnad, samhald og kjærleik i arbeidet med spelet, la oss ikkje kaste vekk alt dette. Alle som er med på spelet er amatørar, og i motsetning til andre spel i Noreg som har innleigde profesjonelle skodespelarar, er vi framleis BEST (Og ja, eg er lokalpatriot).

Difor kjem eg med ei oppfordring til Sande kommune. Finn ei løysing på dette problemet. Lat oss få behalde Sandebu, eller bygg oss eit nytt hus? Eit telt held ikkje til ein så stor produksjon. Vi treng «barnehagen» for å skape ein felles møteplass for barn og vaksne frå alle bygder i kommunen. Eg veit at det heilt sikkert er fleire omsyn som skal takast, men sjå på saka ein gong til. Vi treng først og fremst Kong Arthurspelet, så finn ei løysing på dette- for det betyr så mykje for så mange!

Å sitte i Oslo og sjå at Kong Arthurspelet kan nærme seg slutten gjer rett og slett låkt. Det betyr så mykje for så mange å vere ein del av spelet, og eg synest det er trist om det er Sande kommune som skal felle Sande kommune sitt 2000-årsprosjekt. Lat oss gjer det vi kan for at det skal bli Kong Arthurspel i 2019 også, og la oss finne fram kjepphestane og ride inn i framtida (klisjé, men det er lov).

Så kjære Kong Arthur; Takk for eit livsendrande tilbod, og takk for at du har skapt fellesskap i kommunen. Eg er evig takknemleg. «Rykta og minna vil leva, i tusen års gamle segn», og i tusen år fram i tid? Eg er klar.

Kong Arthur Fjørtoft Sandanger

Arthurspelet på 5. minutt

Her kan de sjå korleis gjengen i Sommarshow på Larsnes gjorde Arthurspelet på 5. minutt: