I store delar av Møre og Romsdal er det anten lav eller veldig lav grunnvasstilstand. Fylkesmannen seier at grunnvasstilstanden ikkje ser ut til å betre seg med det fyrste. Dette gjer at ein må vise aktsemd med vassittaket.

Herøy kommune fekk denne meldinga frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og den vart publisert på heimesida til kommunen 9. juli. Dei sende e-post til dei større vassverka i kommunen for å få innrapportert status om korleis situasjonen er no.

Herøy Vasslag seier til Vestlandsnytt at tilstanden ikkje er kritisk, og at dei heller ikkje er bekymra for dei neste vekene. Nerlandsøy Vasslag fortel at dei gav forbod mot vatning av plen 29. mai, og at forbodet framleis gjeld. Sjølv om dei ikkje har registrert at pumpene går noko meir enn normalt, rår dei innbyggjarane til å bruke vatn med fornuft. Sande kommune seier at det har vore lite nedbør sidan januar, men at dei ikkje har merka stor forskjell på grunnvasstilstanden. Dei har heller ikkje planar om å sende ut restriksjonar til sine innbyggjarar.

Vestlandsnytt har prøvd å kontakte alle vasslag i Herøy, men lukkast ikkje å kome i kontakt med alle.