Det gjeld barnelova, bioteknologilova, adopsjonslova og partnarskapslova. Gjennom desse vedtaka vart no demninga opna for fullt. Det norske samfunnet har gjennom dette no utvikla eit heilt nytt syn på kjønn, seksualitet og foreldreskap, på verdien av mor og far, på slektskap og biologisk tilhøyrsle og på vaksne sin rett til barn og ikkje minst at barn er noko du utan vidare kan bestille på den internasjonale fertilitetsmarknaden.

Er du klar over at denne totale endringa vart gjennomført utan ei offentleg utgreiing, utan konsekvensanalysar og ei stortingsmelding.

All vanleg saksutgreiing var fråverande.

Kva låg då til grunn? Jo, at ekteskapet er ingen biologisk skaparording med konkrete kjenneteikn. Ekteskapet er ein sosial konstruksjon, ei menneskeleg oppfinning og ei ordning som norske politikarar kan definere om som dei vil.

Den biologiske relasjonen mellom mor, far og barn er ikkje unik. Han er berre ein variant blant andre like naturlege relasjonar og samlivsformer. Han kan derfor gjerne bli erstatta av andre relasjonar. Planlagt farlaus bryt ikkje med Barnekonversjonens prinsipp om «barnets beste».

Blodsband, slekt, arv, genar og biologisk tilhøyrsle er uvesentleg i eit menneske sitt liv. Samanhengen mellom familie og biologisk slekt, seksualitet og fruktbarheit, foreldre og barn har liten verdi. Det einaste som tel er at barn har gode omsorgspersonar.

Dei omfattande konsekvensane vil kome over tid. No er det einaste objektive kriterium for ekteskap- mann og kvinne avskaffa. No legg vi kjensler og tidsånda til grunn og då er alt rett.

Det neste blir då eggdonasjon, donasjon av både egg og sæd, assistert befruktning for single kvinner, fleire enn to juriske foreldre, surrogati, meir enn to kjønn, ekteskap for fleire enn to personar, auka kjønnsforvirring blant barn og unge osv. Lista vil heilt sikkert bli lengre. Alt sjølvsagt betalt av det offentlege.

Set deg så ned og funder litt på kva som skjer i samfunnet og kva det fører til. Ha ein god dag.

Ole G. Steen, Partiet De Kristne