Ulstein med stor kontrakt

Byggjer stor kabellggingsbåt

Nexans Subsea Operations har inngått kontrakt med Ulstein Verft på bygginga av eit stort, DP3-kabelleggingsfartøy.

Illustrasjon  Foto: Ulstein

New Articles

I ei pressemeldig har konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, følgjande kommentar til kontrakten:

- Vi set stor pris på at Nexans, ein solid og viktig maritim aktør, vel Ulstein til å bygge sitt nye flaggskip. Vi har ein svært kompetent organisasjon med lang erfaring i å levere avanserte skip til våre kundar. Denne kontrakten er vunnen i ein tøff internasjonal konkurranse. Vi ser fram til eit konstruktivt og fruktbart samarbeid med Nexans i åra som kjem.

Ser fram til å starte på arbeidet

- Vi har lang erfaring i å bygge store og krevjande fartøy, og ser fram til å starte på arbeidet med kabelleggingsskipet til Nexans, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft, i pressemeldinga.

Nexans driv med avanserte kablings- og tilkoblingsløysingar. Selskapet har meir enn 26 000 tilsette.

Vidare heiter det: Fartøyet vil bli utstyrt for å legge straumkablar og fiberoptiske kablar, kabelskøyting og -reparasjonar og nedgraving av kablar. Skipet av typen ST-297 CLV, er designa av Skipsteknisk, Ålesund. Fartøyet er utvikla for operasjonar i tøffe vêrforhold, med høg manøvrerings- og posisjoneringsevne. Ulstein Verft skal bygge fartøyet og førebu for montering av kabelleggingsutstyret.