Frå krigen

Ein historietime utanom det vanlege

9. klasse ved Gursken oppvekstsenter høyrde Kjartan Oksavik fortelje om sine erfaringar frå krigen. I dag fyller han 95 år.

Snakka om krigen: Kjartan Oksavik delte minne frå krigen med niandeklassingane ved Gursken oppvekstsenter førre veke.  Foto: Heidi Torset Skoge

Kjartan Oksavik.  Foto: Heidi Torset SKoge

New Articles

9. klasse ved Gursken oppvekstsenter har siste vekene jobba med bakgrunnen for, og kva som skjedde under 2. verdskrig. Vi har snakka mykje om kva som skjedde lokalt også, og i den samanheng var vi så heldige å få besøk av Kjartan Oksavik.

Kjartan fortalte oss korleis Oksavik-folket vart involvert som medhjelparar til agentane Tore og Ole Snefjellå. Frå påska 1944 sende dei posisjonane til skipa som segla i Rovdefjorden, over til England. Kjartan fortalde også kor nær dei var ved å verte oppdaga fleire gongar. Eigentleg skulle agentane avslutte etter seks månaders oppdrag, men jobben dei gjorde var så verdifull at dei heldt fram i ti månader. Berre dagar før tyskarane fann staden oppe i Almeura, flykta brørne. Men oppdaginga fekk folket frå Oksavika føle på kroppen. Mennene vart fengsla, og kvinnene og borna fekk beskjed om å flytte frå garden. Ei nabokone fekk stelle dyra.

Frå landbruksskule til fengsel

Det som nok gjorde mest inntrykk var då Kjartan fortalde om kva tyskarane gjorde då mennene vart fengsla. Kjartan gjekk på landbruksskulen på Gjermundnes, og vart henta der og frakta til fengselet i Ålesund. Dagen etterpå vart han avhøyrd av gestaposjefen i Ålesund, og to hjelparar med kosteskaft. Sju timar varte avhøyret, og det var både eit fysisk og psykisk avhøyr. Dei neste 14 dagane i fengselet hugsar ikkje Kjartan noko av. Men han har vorte fortalt at dei fekk greitt med mat, og dei fekk også med niste då dei vart frakta vidare til Trondheim.

I Trondheim vart Kjartan sett på celle med mange andre. Han skildra forholda til oss. Både korleis cella var, kor mange som var på cella, korleis dei låg, den vesle maten dei fekk, lus og lopper som kraup på kroppen og om reingjering av cella. Ei halv skive til frukost og kvelds, ei lita potet og litt sild til middag var ikkje mykje for å halde kroppen i live.

Falstad i Nord-Trøndelag var neste stoppestad for Kjartan og dei andre frå Skredestranda, Larsnes, Ørsta og Volda. Kvar morgon vart det henta ut fangar for henretting. Kjartan vart sett på celle åleine. Seinare har han lese seg til at dei som var plassert åleine var dei neste som skulle hentast. Forholda og maten var betre på Falstad. Men på dei 7-8 vekene han var der, hadde han berre éin time med lufting!

Fekk fridom til sist

Elevane hadde fleire spørsmål, mellom anna om korleis Kjartan fekk vite at krigen var over. Kjartan svarte:

- Vi fekk sjå først at det var heist eit kvitt flagg/laken 7. mai, deretter kom det norske flagget opp. Det var ein gledens dag.

Vidare kunne han fortelje at han var den siste som vart sett fri. Kjartan skildra heimreisa, med flagga til topps i alle flaggstenger dei såg. Ein båttur frå Trondheim, via Volda til Leikong, der dei vart henta med buss av Anders Petersen. Det å kome heim til Larsnes/ Skredestranda, og fekk møte forloveden igjen var svært godt – og dei gifta seg to år etter.

Minna kjem stundom

Kjartan kunne også fortelje oss at han har møtt igjen brørne Snefjellå etter krigen, og kva jobb dei hadde då. Oksavik-folket hadde radio under krigen, den gøymde dei oppi «hola» og kunne halde seg oppdatert om kva som skjedde. Sendingane kom frå London. På spørsmål frå elevane kunne han fortelje at han ikkje har nokon synlege arr etter krigen, og at han i dag ikkje tenkjer så mykje på krigen, men at minna stundom kjem – spesielt når han snakkar om det – slik som i dag.

Gratulerer med dagen!

Avslutningsvis vart 9. klasse invitert inn i «kåken»/Frei 2- stasjonen. Vi satsar på å ta ein tur i mai/ juni.

Vi er svært takksame for ei gripande historiestund, der vi fekk førstehandsinformasjon frå lokalhistoria vår. Vi nyttar høvet til å gratulere Kjartan Oksavik med 95-årsjubileumet 25. april – TAKK FOR AT DU DELTE HISTORIA DI MED OSS!