Klokka har passert tre på natta ved Runde miljøsenter.

Vi er dei einaste gjestane på huset og har ei flott leiligheit med utsikt ut mot havet. Eg og gutungen er på guttetur. Med kronisk hovudverk gjeld det å nytte gode dagar godt og ta igjen litt av det tapte, prøve å gi guten fine minner ilag med faren. Vi har hatt ein magisk dag på Runde havn med kvar si fiskestang.

Høgdepunktet for meg i tillegg til den kjekke tida ilag var nok lyren på tre og ein halv kilo men for sonen min er nok dei ti småfiskane han drog opp like stas. Seinare gjekk vi ein kveldstur og såg på stjernene før vi avrunda med å spele nokre runder idiot før leggetid.

Det enkle er ofte det beste. Kvalitetstid i lag, opplevelsar som aldri vert gløymde.

Eg får ikkje sove og vert liggande og tenke på turistane som for lengst har forlatt øya, For eitt par-tre måneder sidan køyrde dei hit ut nærmast i kolonne med nasen ned i kartet og med bekymra blikk på mobiltelefonen som gradvis mista meir og meir signal til lengre ut i den grisgrendte periferien dei kom. Slik gjekk dei glipp av havsulene som stupte etter fisk ved Rundebrua. Dei såg ikkje oteren som sprang over veien med ein torsk i kjeften, eller selane som slåst om ledig plass på den varmaste steinen rett ved fjørekanten medan gravandparet med 12 små kyllingar symde kring dei. Dei ensa kanskje ikkje havørnparet som sirkla på himmelen over dei. Dei stoppa ikkje for å høyre på bølgene og nyte den friske havlufta. Det var ikkje derfor dei kom ens ærend hit ut i havgapet. For dei fleste tilreisande er det lundefuglen som fristar, den dei har høyrt så mykje om, som alle vil sjå. Så fort den er kryssa av på lista og og selfien i lundeura er sikra så går vegen oftast vidare til nye spennande eventyr. Eg har også stor sans for lundefuglen, og gler meg til å sjå den kvart einaste år. For meg er lunden prikken over i´en.

No er mørkret og hausten her. Brorparten av eplekaka dei sel på kafeen på øya må nok betjeninga ta med heim etter stengetid, det er tomt for folk og sesongen er over. Men Runde og naturen her ute har så uendeleg mykje meir å by på med sin rikhaldige rause meny.

Tre timer etter midnatt lettar eg på gardina for å sjå ut, den skingrande lyden av ei lettskremt hegre gjer meg nysgjerrig sjølv om eg har høyrt det tusen ganger før.

Synet er overveldande. Eitt eventyrleg vakkert nordlys danser på stjernehimmelen.

Desse bileta er tatt denne natta og får stå som eitt nydeleg minne om enda ein ubeskriveleg tur til Runde og nye evigvarande gode minner med sonen min. Han sto opp og fekk sjå han også. Og når vi la oss igjen så kom det frå han; "No forstår eg kvifor du likar så godt Runde, pappa"