Mytane er mange, historiene fleire – legenda om Kong Arthur er velkjend vide i kring. Kong Arthur (490-545) er ein segnfigur i britisk-, fransk- og nordiske kjelder. Han vart krona i Wales 15 år gammal og hans sete heitte Camelot. Etter eit rikhaldig og kjendisliknande liv vart han såra i slaget ved elva Camlan i Cornwall i år 542. Han var også konge over Havlandet, og etter at han vart såra drog han med skip ut på Havet, til Marr eller Mer, som var den tida sitt namn på Norge/Møre.

Her hadde han sitt sete på Kongsvollen ved Earnaness (ørneneset) ved Arihaugane (ørnehaugane) på øya Dol (bord på keltisk), som i dag heiter Sandsøy. Kong Arthur var son av den norskætta kongen Olav Ring, og arva Ringskatten og Havet (Norge/Møre). I segna heter det at Ringskatten også inneheldt Den Heilage Gral - og at denne vart gøymd i Dolsteinhola (den største fjellhola i Norden) under fjellet Rinden på øya Dol (Sandsøy). I kampen om skatten falt Kong Arthur (Harald Olavsønn) for Wiglaf som var hærmann under Beowulf, konge av Geatland (landet øst for Oslofjorden).

Andre helga i august har du igjen moglegheita å vere med på ei spektakulær reise attende til middelalderen, der du får oppleve den lokale varianten av historia om Kong Arthur og hans verke på Sandsøya. Kong Arthurspelet er Sande kommune sitt tusenårsårsprosjekt, og har hatt framføringar sidan år 2000.

Spelet om Kong Arthur er eit utradisjonelt historisk sogespel, der humor og moderne musikk vert kopla saman med det historiske. Lokale ord og uttrykk er flittig brukt gjennom heile spelet, og den velkjende tingscena er nyskriven med dagsaktuelt innhald kvart år. Tingmennene har tidlegare hatt besøk av alt frå fuglemann, lokale ordførarar, verdskjende presidentar, og ikkje minst statuar. Det er like spanande å sjå kvart år kva sprell manusgruppa har funne på i år.

Styret i Kong Arthurspelet jobbar no med å få på plass alle detaljar rundt spelet. Så langt har det vore svært god oppslutnad frå skodespelarane, og dei alle fleste roller er på plass. Det er stor stas å kunne skryte av at det er berre amatørskodespelarar på scena, og det er ein enorm dugnadsinnsats som vert lagt ned både på og bak scena.

Det vert også i år jobba med ei ordning der publikum kan på førehand kjøpe transportbillett utover, slik at ein er trygg på å kome seg både ut og inn til gitte tider. Så snart dei siste detaljane er på plass her, kjem det meir informasjon og moglegheit til å kjøpe billett.

Alt no er det ei «tidleg fugl» kampanje på billettar. Dei som ynskjer å sikre seg billett til spelet, kan gjere det med ein fin liten rabatt alt no. Det er sett av eit avgrensa tal på rabatterte billettar, og kampanjen varer så lenge det er tilgjengeleg billettar.

NB: Har du eit brennande ynskje om å vere med på Kong Arthurspelet? Enten som skodespelar, dugnadsarbeidar, båtvakt, eller andre roller? Ta gjerne kontakt med nokon i styret for å melde deg på.

Prikk av helga i kalenderen, og set gjerne i gong å gle deg allereie no!