I Hallbygda har det vore ein lang tradisjon med feiring av Syftesok. Etter to år utan slik feiring er det med glede vi no kan ta opp att denne tradisjonen. Søndag 3.juli invitere samlingshuset Halletun til tradisjonell Syftesok-feiring i Hallebygda. Syftesokdagen er i dei gamle primstavane, og i dei noko nyare almanakkane, tidfesta til 2. juli. I Hallebygda er vi litt meir romslege, og legg Syftesokfeiringa til nærmaste søndag – som altså i år er søndag 3.juli. Syftesokdagen er dag nr 183 i året – og vi har att 182 dagar av året. Syftesokdagen er altså den «mitterste» dagen i kalenderåret.

Syftesokdagen er også frå gamalt av ein værmerkedag. «Syftesok setter skyen i lag, det varer fram til olsokdag». Været på Syftesok var - og er fortsatt får vi tru - altså avgjerande for korleis været vert i perioden frå Syftesok og framover mot Olsok.

Syftesok er også ein religiøs merke- og heilagdag. Syftesokdagen er samanfallande med Marias vitjing – eller Marias besøksdag som vi seier i dag. Dagen er også minnedagen til St.Svithun. Vi er då tilbake til 800-talet og England, der Svithun til slutt vart ordinert til biskop av Winchester. Biskop Svithun døde tidlig på 860-talet, og vart vel hundre år seinar utpeikt som skytshelgen – derav St. Svithun. Syftesok tyder «Svithuns-vake» - eller «vakenatt for Svithun». Slik sett er det vel den gamle biskopen frå Winchester som er opphavet til namnet Syftesok.

I år vil vi også nytte høve til å feire at samlingshuset Halletun har vorte fornya gjennom mykje godt dugnadsarbeid. Det siste dugnadsprosjektet som no er sluttført er ny himling og belysning i «storsalen». Dette arbeidet har vorte muliggjort gjennom Sparebanken Møre sine Teftmidlar og ei handfull med svært dugnadsvillige og flinke folk frå bygda. Samlingshuset Halletun takkar så mykje Sparebanken Møre og dugnadsfolket – utan dokke hadde det vorte lite att!

Syftesok vart i gamle dagar feira med fløyelsgraut, og gjennom vakenatta skulle ein sjølvsagt brenne bål. I vår tid er fløyelsgrauten erstatta med god rjomegraut med smelta smør, sukker og kanel med meir. Kake, kaffi, brus og pølse vil vi også kunne servere til dei som ynskjer dette. Om været tillèt vil vi også feire ettermiddagen med bålbrenning. I hamneområdet sjøset vi den populære Elias-båten til stor glede for dei minste. Fun-ballz, kanopadling, og tombola høyre også med til Syftesok-feiringa i Hallebygda.

Som nemnt er det altså mange gode grunnar for å feire Syftesok også i vår tid. Samlingshuset Halletun vil derfor ynskje alle velkomen til slik Syftesok-feiring i Hallebygda søndag 3. juli.

Halletun v/ styret