Denne saka handlar om korleis det planlagde tiltaket vil verke inn på naturmangfaldet, og om det er gode nok grunnar for å gje dispensasjon frå kommuna.

Vi ser at det stadig blir brukt litt feil definisjon av kva det er vi søkjer om å bygge. Vi vil igjen presisere at det ikkje er ein veg, men ein sti på inntil 1,5m breidde.

Naturvernforbundet skriv at dette handlar om naturmangfaldet, og det gjer det nok.

Men det er no nettopp det dette tiltaket vil vere med å verne naturen, og å begrense vidare nedtrakking.

Området der denne turstien er planlagd, er grundig undersøkt av kompetente personar innanfor sitt fagfelt, og heile området der traseen er planlagd har fått ei god kartlegging av plantelivet. Han var der og gikk stien fleire gongar i løpet av vekstsesongen. Denne kartlegginga var det einaste kravet som vi fekk frå Statsforvaltaren.

Naturvernforbundet vil godkjenne del 1, men ikkje del to. Dei meiner at del 2 burde ha vore vurdert i forhold til naturmangfaldlova. Kvifor ikkje del 1? Dette er i største grad inkonsekvent.

Om friuftsliv og bruk av natur:

Breidda er viktig og del 2 bør sjåast i samanheng med del 1, og den øvrige løypa aust om fylkesvegen. Dette for lettare å nå dei flotte fjella vi har på øya. Dette var, og er fortsatt ein del av det nasjonale folkehelseperspektivet.

Folkehelse:

Mosjonsaktivitet og turgåing i tillegg til den reint fysiske gevinsten også gjev ein vesentlig gevinst for den mentale helsa gjennom å kunne ferdast i rolege omgjevnader fri for trafikk og støy.

Refererer til skriv frå LHL Søre – Møre: Den tilrettelagde løypa har gjort slik at mange som før ikkje kom seg til fjells, no får gleda av å gå i fjellet samtidig som dei får ei kjensle av meistring.

Sjå også skriv frå Eldrerådet, Rådet for personar med nedsett funkjsonsevne og Utval for vilt, fiske og friluftsliv, i tillegg til skrivet frå LHL.

Det er stadfesta gjennom fleire undersøkelsar at nettopp ro og fred er ein sentral del av motivasjon for å kome seg ut på tur. Og vi er sikker på at denne stien vil mange nyte godt av for å oppnå ein god helsegevinst.

Refererer til Stortingsmelding 18 (2015-2018):

Definisjonen på friluftsliv: Opphold og fysisk aktivitet i friluft i fritida med sikte på miljøforandring og naturopplevelse. Kombinasjonen fysisk aktivitet og naturopplevingar gir god helseeffekt, og friluftsliv er ei viktig kjelde til livskvalitet og både fyisk og psykisk helse.

Forskning viser at fysisk aktivitet bidrar positivt til konsentrasjon, hukommelse og mental kapasitet og motvirker depresjon og demens.

Siktemålet med stien er å:

Sikre tryggare ferdsel då eksisterande sti er stadvis svært utvaska og steinete.

Hindre meir skade på naturen som fylgje av at nye stiar vert etablerte for å unngå våte, blaute og steinete parti. Vi vil restaurere ein allereide svært øydelagt sti.

foto
Tursti: Her i terrenget ønskjer Gurskøy IL å etablere tursti, noko dei har jobba for i snart tre år. F.v. Per-Ola Kleppe, Bjørn Leikanger og Gunlaug Karin Sandvik. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik (arkiv

Øystein Folden ynskjer også fleire stiar parallellt når slitasjen vert stor. Kva med tap av naturmangfaldet då? Statsforvaltar og MR fylke har bygd (og skal restaurere) stiar på Rundefjellet nettopp for å unngå at det vert fleire stiar parallellt, med påfølgjande tap av slitasjer på naturen.

Folden skriv og at turvegen ikkje fyller krava til å vere universell. Og at dei som treng ein turveg som er universelt utforma vil ikkje kunne bruke del 2. Universell utforming var ikkje nemnd i siste reviderte søknad, men vi legg heller opp til å lage eit lavterskeltilbod.

Vi har også gjort undersøkelsar ang. Påstanden om slåttemyr. Vi har hørt med dei eldre gardbrukarane i bygda om dei huskar noko slikt. Men sjølv dei eldste avviste dette bestemt.

Folden skriv og: Ved vurdering etter naturmangfaldlova skal ein og vurdere etter §12:

§12. (miljøforsvarleg teknikk og driftsmetoder)

For å unngå eller begrene skader på naturmangfaldet skal det tas utgangspunkt i slike driftsmetoder og slik teknikk og lokalisering som, ut fra en samlet vurdering av tidligere, nåværende og fremtidig bruk av mangfoldet og økonomiske forhold, gir de beste samfunnsmessige resultater.

Vi har i samarbeid med entreprenør gått igjennom prosjektet og lagt traseen slik at inngrepet vert minst mogleg, og i samsvar med rettleiaren frå Miljødirektoratet. Dette gjeld både terrengmessig og hydrologiske tilhøve for på den måten å få eit minst muleg avtrykk.

Vi meiner at MTU i denne saka har gjort eit rett vedtak i denne saka, og ber om at de opprettheld dispensasjonsvedtaket.

Vi held fast på dette er eit tiltak som vil kome mange tilgode i framtida, både for den einskilde, men også for folkehelsa generelt.