I Vestlandsnytt har ein siste dagane kunne lese overskrifter som «Dette anlegget gir meir aktivitet og pengar til kommunekassa» og «Skattlegginga er ein klamp om foten for lokale investorar og patriotar som Flakk og Hofseth».

I første artikkelen handlar det om det positive som skjer ved at Mowi er i ferd med fylle sin nye lokalitet ved Voravika med laksesmolt. Det gjev både nye arbeidsplassar, lokal verdiskaping og inntekter til Sande kommune. I saka om skattlegging handlar det om kvifor norske eigarar av verksemder skal ha ulemper (formueskatt på arbeidande kapital) i høve til utanlandske eigarar.

Det er freistande å koble desse sakene til måten dagens regjering styrer landet på. Om meldinga om grunnrenteskatt på havbruk hadde kome tidlegare enn 28. september 2022 så hadde vi neppe sett investeringa på Voravika.

Og med den sterke auken i skattlegging av norsk eigarskap så hadde det neppe vore fremja sak om å setje ned formueskatten i Sande, ei heller oppstarten av ein nasjonal kampanje frå Hofseth/Flakk knytt til skattlegging av norsk eigarskap.

Arbeiderpartiet sin næringsminister nekta å svare på kvifor Hofseth/Flakk skal måtte ta pengar ut av sine verksemder, medan utanlandske eller statlege kollegaer slepp dette. Så kan ein alltids seie at positiv merksemd rundt Sande kommune i beste sendetid er flott. Og med tilflytting av kapitalsterke innbyggarar.

Men, bakteppet er ikkje bra i det heile. At norske samfunnsbyggarar skal måtte jagast på flukt i sitt eige land – ja også ut av landet – for å unngå å ruinere verksemdene dei sjølve har brukt livet på å bygge opp. Lokalt følgde Arbeiderpartiet forøvrig opp med å stemme imot vedtaket i Sande om å redusere formueskatten.

Det er gledeleg at det på Høgre sitt landsmøte i helga blei gjort fleire viktige politiske vedtak rundt tema i sakene som nemnt ovanfor: • Regjeringa sitt framlegg om grunnrenteskatt på havbruk blir avvist • Redusere det samla skatte- og avgiftstrykket for næringslivet, og redusere skatt på norsk eigarskap • Sikre eit skattesystem som oppmuntrar til, og ikkje straffar norsk og lokalt eigarskap og at ein andel av inntekta skal kome kommunen til gode. • Avvikle den mellombelse og situasjonsbetinga arbeidsgjevaravgifta • Det skal vere muleg å leige inn midlertidig arbeidskraft for å legge til rette for verksemder som har sesongvariasjonar eller midlertidige produksjonsstoppar.

Dette er døme på viktig nasjonal politikk som kan gjere at vi vil sjå meir av dei mange positive investeringane som rakk å bli sette i gang før skatteregimet til dagens regjering tok heilt av.

Inge-Jonny Hide, leiar, Sande Høgre