«20 år med likestilte barnehagar»
I dag er det 20 år sida barnehageforliket blei vedtatt i Stortinget. Det er kanskje den mest vellykka reforma innan kommunale tenester. Den sikra likebehandling mellom private og offentlege barnehagar, som igjen har sikra full barnehagedekning i Noreg. Framstegspartiet var initiativtakar til denne reforma i 2003, noko vi er veldig glade for i dag.