Dette er tankar eg har sysla med lenge. Det har i mange år vore sagt frå politisk hald at frakt av store kvanta varer skal over frå veg til sjø/kjøl.

Men lite skjer på dette feltet.

Difor har eg sysla med tankar om dette her i nærområdet, og då handlar det for det meste om fisketransport. Dette må ikkje forståast slik at eg vil minke trykket på politikarar om betre ferjesamband og i framtida fast forbindelse.

Her er mine tankar: Alt er ikkje ferdigtenkt i detalj, men meininga er berre å etablere ei grovskisse over kva som bør/kan gjerast.

På kort sikt bør nokon bygge eller bygge om båtar som kan ta containerar. Dette kan eksempelvis vere eldre, utrangerte supplybåtar. Desse båtane kan frakte fisken til større omlastingsterminalar langs kysten, enten nordover til Trondheim eller sørover til Bergen. Begge desse stadane har jernbaneforbindelse med Oslo, samt containerterminalar for skip som skal til kontinentet.

Her i distriktet er her to slakteri for oppdrettsfisk som eg veit om. Det er på Eggesbønes og på Sandshamn. (Men eg trur der er nokre slakteri lenger inne i fjorden også). Dei sender mange trailerar med tilsvarande last som ein eller to containerar kvar dag. Ofte kjem det også fisk til desse slakteria med trailerar. Dette er veldig slitande både på veg og ikkje minst ferjekapasitet. Viss ein hadde fått mesteparten av dette over på kjøl, ville infrastrukturen verte mykje avlasta.

Så, på lenger sikt: Når Stadtunnelen ein gong kjem, må der byggast ein stor omlastingsterminal for containerar på Åramneset, i skjergarden rett utanfor neset. Då treng ikkje desse båtane å reise lenger enn dit for å losse. Så må der byggast skikkeleg veg derifrå. Men denne omlastingsterminalen må også brukast for større containerskip, som tek fisken direkte til Europa. Der har dei mange store containerhamner i alle land som tilstøyter Nordsjøen.

Eg meiner; Det vert bygde så mange slags spesialfartøy i forbindelse med oppdrettsnæringa no til dags, at dette ikkje burde vere noko problem å få til.

Korleis dette skal løysast økonomisk har eg ingen teoriar om, men eg vil tru ar slike samfunnsnyttige – og miljøvenlege – tiltak må få ein del støtte frå det offentlege.

Atle Rusten