Folk frå kommunen og fylket burde ta seg ein tur og sjå på kaoset her ute, spesielt når store køyretøy møtast. Då er det berre vegaveitene som gjeld både for borna som bur langs vegen og bygdafolket som mosjonerer. Store køyretøy kan knapt nok passere kvarandre eit par plassar på heile strekninga.

Det er ikkje få dagar med is eller snø i Eljebakken at buss og andre køyrande tek vegen om byggefeltet (Plassegjerdet), for i det heile teke å korne seg til Kvalsvika, sjølv om det her er skilta med «Gjennomkøyring forbudt».

Av desse brevskrivande grunneigarane/ bebuarane er det heller ikkje mange som bur her. Der sit folk under fjerne himmelstrok og prøver å diktere kommunen og fylket kvar vegen skal gå. Her er det kun to (2) personar som har nokre jordlappar som kjem i konflikt med vegen.

Her er også oppsitjarar som har fått mellombels avkøyrsleløyve i 1970 fordi ny veg skulle byggjast. Vi sit på teikningar av vegtraseen som er signert den 22.11.75.

Halve vegen vart dessutan regulert i 2009 i samband med Teigelia byggefelt, og ligg såleis fast allereie.

Vi håper kommunen og også fylket kjenner si besøkstid og får fortgang i reguleringa av resten av vegen til Teigeneset! På kort tid har vi 40 underskrifter, og fleire kjem vel frå Kvalsvika.

Det må også nemnast at grunnavståing til vegen bør sjåast i samanheng frå krysset ved enden av bruvegen til Teigeneset. Då vert det ca halvparten på grunneigarane på nordre Teige.

Ein treng heller ikkje å vere vegmeister for å sjå at heile vegen frå brukrysset og gjennom Teige er i så dårleg stand at det neppe finst maken, i alle fall i Herøy.

Knut Teige, Oluf Teige, Terje Gjelseth, Anders Teige, Christian Holm og Jan Torgersen m.fl.