Torsdag 13. juli markerte moltustrandingane avsky for planane om giftdeponi på Moltustranda. Der var stort frammøte trass i høljeregn og mykje folk bortreist på ferie. Til og med Vestlandsnytt var på Moltu den dagen.

Utdjupingsprosjektet i Fosnavåg hamn blir kalla eit miljøprosjekt, men er det verkeleg eit miljøprosjekt? Kva er eigentleg miljøgevinsten her? Er det og flytte giftgjørma frå ein plass til ein annan nødvendigvis ein miljøgevinst? Nokon blir kvitt eit problem, medan andre får eit problem.

Kyrkjegardsvika er eit kulturminne, medan Hansvika er nok den beste unytta hamna vi har i Herøy. Skal vi verkeleg øydelegge den med giftdeponi? Vi har brukt 8 millionar på å planlegge, og vi har framleis inga løysing på bordet. No skal det brukast eit betydeleg beløp på og planlegge eit deponi på Moltu. Der var 3 politiske parti til stades under markeringa på Moltu. Og alle 3 var klare på at dei kom aldri til og stemme for eit deponi på Moltu. Så den utgreiinga er politisk utelukka før dei knapt har fått byrja.

Sjøvatndeponi i Holmefjorden er eit dristig prosjekt. Det kan koste oss dyrt. Det gjekk einstemmig gjennom i kommunestyret, så vi er alle i same båt her. Men kor sikkert kan dei utføre dette prosjektet? Vi skal altså legge 100 000 kubikkmeter med giftig gjørme på havbotnen. Vi håper den skal ligge der i ro heile tida mudringa forgår og til det blir dekka til. Er vi skikkeleg uheldig her så kan vi legge heile Holmefjorden like død som Fosnavåg hamn er i dag. Har vi fyrst begynt og røre i gifta så har vi ikkje så mykje val. Og kven skal ta den rekninga? Jau, det er Herøy kommune som skal det.

Men korleis kan vi foreta ei miljøopprydding som faktisk gir ein miljøgevinst? Giftgjørma ligg trygt i Fosnavåg – derfor er det best og la den ligge der. Dette starta fordi der var båtar som var borti nokre bergnabbar i innseglinga. Spreng desse vekk og dekk til med matter, og putt deretter skjelsand på toppen. Dette vart gjort blant anna i Bergen hamn. Når bergnabbane er borte, kan ein trygt segle inn der. Dette kan vi klare godt innanfor dei 108.5 millionane, og dermed få igjen dei midlane vi so langt har brukt på planlegging.

Holmefjorden og Moltustranda er Robek-utløysande. Sjå på kva som skjedde i Ålesund og som no skjer på Gjøsund. Ålesund enda opp med at det vart 3 gongar så dyrt som planlagt. Og dei er ikkje ferdig eingong. Dei slit fortsatt med avklaringar med private eigedomar mot sjøen. Kva skjer i Fosnavåg når kommunen skal starte å ta vekk masse inn imot private kaier og bygningar? Styr unna desse løysingane! Vi har stø kurs for ureint farvatn!

Frank-Roy Moltu, Folkelista