(LESARINNLEGG)

Men det som fekk meg til å setje meg ved tastaturet, er det slagordprega språket mange brukar når fiskeripolitikk blir diskutert.

Slagord som «Fisken tilbake til folket», «Vi skal ta havet tilbake» eller «Vi skal ta kysten tilbake» er nokre døme på dette språket.

Folk som bur i ei høgblokk i Oslo kan tru at nokon har stole havet og stole fisken.

Og det er dei største som har skulda, blir det skråsikkert hevda.

Dei er i tillegg kapitalistar, kvotebaronar, og det som verre er, og dei fleste bur på Vestlandet.

Eg bur i eit område der det naturleg nok bur mange havfiskarar. Unge folk og flinke folk, som har sin arbeidsplass i ulike delar av havfiskeflåten. Som havfiskar sjølv i 30 år, veit eg kor tøft det kan vere, når ein skal ligge langt til havs i vekevis.

I det siste har fiskarane i havfiskeflåten tent gode pengar, og dei fortener kvar ei krone. Rundt neste sving lurer nedturane, og det jamnar seg ut.

Men desse fiskarane i havfiskeflåten er vel også ein del av «folket»?

Dei er vel også ein del av kystfolket, sidan dei bur langs kysten.?

Dei har ikkje stole verken havet eller fisken, men gjer ein stor innsats kvar dag på eit rullande dekk, for å bringe verdiane til lands.

Mykje av fisken dei bringar i land går til produksjon i Norge, medan populærversjonen er at fisken dei fiskar, nærast uavkorta går til Kina. Nok ei myte som det er vanskeleg å ta livet av.

Den norske fiskeflåten er ei suksesshistorie både bedriftsøkonomisk og samfunnsøkonomisk.

Ingen fiskerinasjon kan vise til ein like variert fiskeflåte som Norge. Påstanden om at kvotene har hamna på færre hender er likevel rett.

Grunnen er at skiftande regjeringar og storting har innsett at det har vore naudsynt å slå saman fleire kvoter på ein båt, for å oppnå lønsemd.

Men framleis var det pr. 2023, 5600 aktive fiskefartøy i Norge. Av desse er 79,8 prosent under 11 meter. ( Kjelde: Fiskeridirektoratet)

Det viser at den minste kystflåten framleis er desidert størst i Norge, og ikkje minst viktig.

Vi må framsnakke den varierte norske fiskeflåten, og forstå kvifor det er viktig at det er slik. Nokon må ut til yttergrensa av vår 200-mils økonomiske sone for å finne fisken, og det er sjølvsagt berre havfiskeflåten som kan gjere det.

Kampen om fiskeressursane vil halde fram, slik har det alltid vore, og slik kjem det alltid til å bli.

Men då kan det vere greitt å gravlegge alle slagorda, og invitere til ein meir nøktern og opplyst debatt.

Av Knut Arne Høyvik, pensjonert havfiskar