No har vi akkurat hatt om medverking og demokrati i praksis i samfunnsfag, og vi vil derfor nytte moglegheita til demokrati i praksis. Vi har fått med oss at politikarane vil flytte biblioteket til sentrum, og dette er vi sterkt i mot. Vi har gode argument, så no må de lese.

Biblioteket er ein sosial møteplass, pauserom og venterom for barn og unge spesielt. Det er også viktig at det ligg sentralt, spesielt for skulane, barnehagane og fritidsaktivitetar. Den plassen er der det NO ligg, ikkje i sentrum. Sentralt når det gjeld biblioteket er ikkje sentrum.

Det første som bekymrar oss er at dersom biblioteket flyttast vekk frå kulturhuset blir det mindre folk som kjem dit. Først og fremst fordi skulane får større avstand til det, men også fordi det er farleg og skummel veg for dei små å gå heilt ned i sentrum. Det vert også mindre naturleg å bruke det i forbindelse med fritidsaktivitetar både for barn og unge, men også foreldra våre.

Skular og barnehagar har mykje lengre veg når dei skal låne bøker. Barnehagane brukar å fare på lesestund fleire gongar i månaden, og vist dei må heilt ned i sentrum aukar risikoen for at eit barn blir køyrt på. Ungane blir også veldig slitne om dei må gå heilt ned i sentrum kvar gong.

Vi ungdomane brukar også å vente der før trening og dans, fordi vi har trening som regel berre ei lita stund etter skulen. Kvar skal vi vente når det blir flytta? Gå heilt ned til sentrum for og vere der i 15 min og så fare igjen? Det er ikkje vits.

Det er også mange som brukar biblioteket som ein pauseplass. Ein plass der dei kan kople av, slappe av og lese bok før trening eller medan dei ventar på nokon på trening. Dette vil ikkje vere naturleg lenger dersom biblioteket vert flytta.

Når det nærmar seg sommar brukar folk å låne tennisracket og tennisballar på biblioteket. Det blir langt og gå til sentrum for dette og det blir veldig tungvint. Og ja, du kan låne på BUA, men dei er ikkje ope kvar dag.

Vi skjønar heller ikkje korleis politikarane skal få biblioteket til å bli eit klasserom.

Biblioteket er altfor stort, har ikkje vindauge som kan opnast, og det vil bli mange rom utan vindauge. Dette er så dumt no når biblioteket endeleg hadde blitt så fint! Vi synest heller det er betre å bygge på ei brakke til. Kanskje det til og med er billigare enn å bygge om? Har de tenkt på det?

Alle desse tinga er berre nokre få argument til kvifor vi ikkje må flytte biblioteket. Det er mykje meir sentralt no, ein fin venteplass etter skulen og enkelt å låne utstyr. Så no oppmuntrar vi politikarane til å ta denne saka på nytt.

For dei vil vel ikkje at barn og unge skal få ein vanskelegare og farlegare kvardag? Kva er eigentleg positivt med at barn og unge får det vanskelegare?

Helsing 8C på YHU