Før jul var eg på konsert med Bergsøy blandakor og Herøy Brass i Herøy kyrkje. Musikalsk var dette ei fin oppleving. Mellom musikken var det verbale innslag frå talarstolen. Lyden var då så dårleg at det var uråd å få med seg halvparten av innhaldet. Det som var av lyd, kom berre frå ein høgtalar frå høgre side i kyrkja .

Eg er ikkje så ofte i kyrkja, men kvar gong har eg hatt tilsvarande dårlege opplevingar. Eg har snakka med folk som er relativt ofte i kyrkja, og dei fortel at dette er eit konstant problem.

Eg skal ikkje gje meg ut på teologiske funderingar, men eg vil tru at å fram ordet, i vid forstand, er viktig i ei kyrkje. Teknisk fungerer ikkje dette i Herøy kyrkje.

For å få fram god talelyd i eit stort rom som ei kyrke, trengst det eit godt lydanlegg og kunnskap til å bruke det. Ein må også forstå korleis eit slikt anlegg er bygt opp og vite litt om korleis god lyd skal vere.

Eg meiner det er sterkt kritikkverdig at dei ansvarlege i kyrkja ikkje tar tak i dette problemet som har vore der i årevis. For å løyse dette, må dei få hjelp av profesjonelle lydfolk.