Bjarne Kvalsvik: - Det blir visst ingen ny vidaregåande skule i Herøy?

Lesarinnlegg av Bjarne Kvalsvik:

Herøy vidaregåande skule:  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord

Då eg starta som fylkespolitikar snakka vi om å få ny skule i Herøy. Skulane i Herøy og Ørsta var ganske jamstilte. Begge hadde gamle skulebygg som ikkje lenger var tidsmessig. Kven skulle kome først? Eller skulle begge fornyast samstundes. Eg hadde fleire innlegg frå talarstolen i fylkestinget til fordel for Herøy. Eg var med på å få Utdaningsutvalet på besøk til Herøy. Det gav lite resultat.

Så starta Arbeidarpartiet sitt spel

Ap hadde klekt ut idèen om at i Herøy skulle ein bygge skulen i privat regi. Jon Aasen, Svein Gjelseth og Per Sævik presenterer planane. Det vart etter dette uråd å føreslå noko i budsjetta i høve ny vidaregåande skule i Herøy.

Den 13.12.16 er det på nytt budsjettmøte i fylket. Eg legg inn ei breiside i høve skule. Jon Aasen kjem med ein underleg kommentar. Nei, eg viste ikkje kva nytt, dei no hadde klekka ut. Om kvelden lyser oppslaget i avisa mot meg, med Svein Gjelseth, rektor med fleire. Herøy Vidaregåande skal flyttast til Fosnavåg sentrum. Den einaste fylkespolitikaren som Herøy har, han visste ingen ting, og dumma seg fullstendig ut i fylkestinget.

– Det er ein Kreativ og utviklande idè, seier fylkesordførar Jon Aasen i avisa. Her kan også tannhelse og bibliotek kome, les vi. Etter mitt syn på den mest håplause tomta som er i Fosnavåg. Ved hotellet/banken og Rørenbygget. Det blir ein dragkamp om plassering. Etter litt vert det heilt stile.

Julestjerna

Kvart år, når fylkesrådmannen lagar investeringsbudsjett, har han plassert ei stor stjerne bak Herøy vidaregåande skule. I margen les vi at i Herøy bygger dei skule i privat regi. Heile mi tid i fylkestinget har det vore umuleg å jobbe for ny skule med bakgrunn i Arbeiderpartiet sitt spel. Men i år stussa eg. Det nærmar seg jul og rådmannen, som no har blitt direktør, har sløkkt stjerna. Denne stjerna, som så ofte har lyst opp brakkene på HVS, er vekke. På ny tek eg mot til meg og slår eit slag for HVS. Fylkeskommunedirektøren svarar at han ikkje har høyrt frå gjengen ute i Herøy på lang tid. Han er redd kapitalen i Herøy er vekk. Vidare står Herøy vidaregåande no på 13. plass i høve investering. Ein kan ha lyst å grine. Min påstand er at dette har skjedd på grunn av Arbeiderpartiet sitt spel.

Ny skule til Ørsta

I økonomiplanen til fylket, som vart vedteken førre tysdag, ligg det inne 613 millionar til Ørsta. Ja smak på det talet, dei har segla opp medan Arbeiderpartiet har rota det til i Herøy. Herøy og Ørsta var likestilte, no har fylkeskommunedirektøren sløkkt stjerna for Herøy. Dette trass i at Ap har ordførar og fylkesordførar, fylkesvaraordførar og dei fleste år har dei også hatt leiar for Utdanningsutvalet.

Framfor kvart val

Ved kvart val har Herøy Ap profilert seg på dette, men ved dei to siste vala har det vore ny reiselivslinje dei har jobba med. Det er same aktørane som alltid. Ingen andre politiske parti er med i spelet. Når no ordføraren sender innspel i høve nye tilbod, kjem det også fram at ein ynskjer flytting av linjer til Herøy. Ja, då går rektor ut og fortel at «vi stiller oss ikkje bak utspelet». Det er ganske fantastisk, når vi veit at leiaren for Herøy Arbeiderparti, Svein Gjelseth, har site i skuleutvalet ved HVS i omlag 30 år i fylje opplysningar frå fylket. Ei kjempebragd at nokon som representerer næringslivet kan klore seg fast i eit rådgivande organ ved skulen så lenge.

Brakkeskule

Det skjer svært mykje bra ved skulen og mange fantastiske flinke folk har dei. Skulen hevdar seg bra på særs mange felt. Men bygga er gamle, eldste delen er frå 1952, det neste frå tidlig syttital. Resten er brakkebygg eller modulbygg som dei kallar det i dag. Første brakkene kjøpte kommunen tidleg på 80 talet og ga dei seinare vekk til fylket, d. Dei er no 40 år. Når ein ser dei nye skulane rundt om i fylket ser ein skilnaden, og Herøy har lite tidsmessig bygningsmasse i dag. Det er i hovudsak Ørsta vi konkurrerer med i dei praktiske faga. Elevtalet i fylke går ned, og alt tyder på at satsinga i Ørsta kjem igang. Det blir ein vanskeleg kamp, der bygningsmessige tilhøve vil verte negativt i høve vår skule. Vi hadde same mulegheit. Takk til Per som vil stille kapital, men Arbeiderpartiet får det liksom ikkje til.

Julestjerna vil nok lyse over huset til Jordmor Matja i år òg, og vi får trøyste oss med det.