Konsert med Sæmund Helde i påska:

Rimsmed og trubadur!

Sæmund Helde og Thomas Frekøy Skeide: Samspelet mellom desse to lokalmusikarane var heilt upåklageleg. Foto: Robert Skeide 

Fritt Ord

Lokal visekonsert er ikkje kvardagskost på våre kantar. Men Sæmund Helde, som vi kjenner som ein habil trubadur med gitaren sin, er eit lite oppkome av både tekst og musikk. Denne gongen hadde han alliert seg med kameraten Thomas Frekøy Skeide, som akkurat kom heim på perm frå Forsvaret. Og på kort tid sydde dei saman eit svært fint program, der det aller meste var signert Sæmund, både med tekst og melodi, men Thomas hadde òg ein finger med i spelet … (eller 10) sidan han stort sett akkompagnerte på Steinweyen, men også stod som «snikkar» av musikken på eit av dikta til Sæmund. Fiolinen til Thomas fekk òg vere med på eit nummer, og Sæmund er alt i gang med å lære seg trekkspel, som vi fekk høyre. Allsidigheit kan vere viktig i denne bransjen, og samspelet mellom desse karane var heilt upåklageleg!

Trekkspel: Sæmund Helde hadde leita fram trekkspelet for anledninga. Foto: Robert Skeide  Foto: Robert Skeide

Ein må kunne seie at Sæmund, så scenevand som han er og med sin lune veremåte, trollbatt sitt utsøkte publikum frå første tone. Han viste eit variert og stort mangfald i si kreative musikkskaparkraft og slapp oss inn i sine inste tankar. Dei har han tonesett på ein enkel, musikalsk og funksjonell måte med spennande klangar og rytmar som gav oss eit vell av både stemningsfull og dramatisk musikk, med til dels lokal tilhøyrsle. Og alt på Herøy-dialekt!

Thomas på piano: Thomas Frekøy Skeide hadde og ein finger med i spelet … eller 10 sidan han stort sett akkompagnerte på flygelet. Foto: Robert Skeide  Foto: Robert Skeide

Men ikkje alt var heimesnikra. Nokre få tekstar var «lånte» frå andre skribentar, m.a. Ivar Aasen, med ei ny og vakker tonedrakt på «Nordmanden» og «Vesle fylgjar» frå vikingmusikalen. (Begge aktørane er jo mangeårige deltakarar i Herøyspelet!) Ikkje ein kjedeleg augeblink på denne 75 minutts lange seansen, krydra med både informative og humoristiske verbale innslag som Sæmund framførte med glimt i auga. Ekstranummeret vart repetisjon av den dramatiske «Akerendam» sitt endelikt på Runde.

NB: Innskjerpa koronatiltak gjorde at berre 20 fekk oppleve denne konserten, og fleire måtte snu i døra. Det burde ha vore full sal, men vi får håpe på betre tider!

Takk for ein triveleg musikalsk meny som skjerpa appetitten, og gav meirsmak! Denne «rapporten» får stå som erstatning for ein blomekvast!