Ferjesituasjonen i Sande (Larsnesruta):

"Det er på dagen, då folk og næringsliv må reise, problemet er"

Bilferja Kvam: Vert fasa ut frå Larsnes-sambandet når inneverande år er ute.   Foto: Endre Vorren

Fritt Ord

Eg skriv dette så sakleg som råd. Mine betraktningar har eg frå min eigen kompetanse frå mitt liv som sjømann, men delvis også fordi eg har tenestegjort både på Os og Kvam. Eg er absolutt ikkje ute etter å kritisere Norled.

Begge desse ferjene er framifrå båtar. I utgangspunktet var dei også like når det gjeld dekkskapasitet.

Det vart imidlertid gjort eit par ting på Os, for å få plass til ei heis ned til salongen under dekk, men også fordi dei glupe fann ut at trappa ned til same salong var for smal, og difor måtte utvidast. Dette gjorde at ein bygde utvidingar frå casinga ut mot bildekk. Dette gjorde i sin tur at breidda på bildekket midt i tunnelen, vart redusert, slik at der no ikkje er plass til 3 personbilar i breidda. Då reduserer dette bilkapasiteten med minst 3-4 personbilar. Får ein så ein lastebil eller liknande, er det berre plass til ein personbil ved sida. Ikkje som på Kvam, at der kan vere plass til to store lastebilar side om side.

Vi, som må reise med denne ferja, har vore godt nøgde med Kvam etter at ho fekk ny motor, og alle dei tekniske problema vart løyste.

Men vi ser heile tida at den ofte er for lita. Det hjelper ikkje at det kanskje er mange turar, på kvelden f.eks., der ho går med god kapasitet, og av og til tom. Det er på dagen, då folk og næringsliv må reise, problemet er. Og då er ho ofte for lita.

Mannskapet om bord er svært flinke til å stue, slik at flest muleg kjem med. Dette set vi umåteleg stor pris på. Men likevel, så hender det ofte at bilar vert ståande att til neste avgong. To timar seinare. Då er kanskje løpet køyrt for denne dagen. Difor er det faktisk ikkje alltid gjenståande statistikk synleggjer det faktiske talet, for nokre har kanskje køyrt heim når dei ser at dei ikkje kjem med likevel.

Så har vi eit anna aspekt. Eg har som sagt tenestegjort både på Os og Kvam, og eg har lagt merke til at Os kan virke litt meir «kitige», d.v.s. litt meir uroleg når det gjeld stabilitet. Eg er aldeles ikkje uroleg for om den har god nok stabilitet for sambandet, for det har den, men eg synest den er litt mindre stabil enn Kvam. Eg trudde eigentleg at dette hadde med det å gjere at Os har fått sett inn eit eksosrensesystem, med innsprøyting av UREA i eksosen. Denne ureaen må lagrast på ein tank. Det vart valt ein av ballasttankane. Tank nr. 8. Dette er ein tank på styrbord side av båten, nr. 7 er den tilsvarande på babord. Når vi brukar frå denne tanken med Urea – det går mellom 170 – 220 liter pr. dag, då vert det mindre og mindre på tanken og då må dette kompenserast med å lense ut av nr 7, for å hindre at vi får slagside. Som sagt så trudde eg at dette var grunnen, men eg la også merke til same greia med bortimot full ureatank og full nr.7. Dette må då tyde på at desse to ferjene, som i utgangspunktet skal vere like, kanskje er skapte litt ulikt undervanns, slik at Kvam virkar meir «robust», eller meir sjøsterk enn Os? Eg veit ikkje, men dette er mine erfaringar.

No vil dei bevilgande myndigheiter erstatte Kvam med Os her på sambandet. Dette grunngjev dei med dette eksosrenseanlegget (Urea), men også hevdar dei at den er meir retta for sokalla universell utforming. Dette fordi på Os er handicaptoalettet under dekk og der er heis ned til denne salongen.

Dette kan vi ikkje finne oss i. Dei har ei ferje no som visst nok skal vikariere for «Sand» no komande haust, då den skal byggast om til batteridrift.

Men etter det må vi få den ut hit til Larsnessambandet. Det er berre eitt problem; Ho er for brei for Voksa – og kanskje for Kvamsøya.

På Voksa er det den betong-«kaia» på Babord side som er problemet. Denne må så fort som råd sagast vekk slik at det blir plass nok. Det er ikkje noko problem. Ei dagykt med ei betongsag og så litt krankapasitet, så er det gjort. Når det gjeld Kvamsøya, så er det snakk om ei søyle. Denne kan lett berre bøyast vekk, slik at det blir plass.

Dette er alt som skal til for å få på plass ei ferje med nok kapasitet her på sambandet.

Når det gjeld djupne, så stikk den mindre enn Kvam.

Atle Rusten