"Påskehelsing frå Kristiansand"

Kjell Runde 

Fritt Ord

Vi håpa i de lengste at vi skulle kome til Sunnmøre og Herøy i påska, men korona og myndigheitene sette ein effektiv stoppar for det. Heldigvis er vi friske og raske, går turar i naturen kvar dag, men det er ikkje heilt som på biletet frå fugeøya. Heiane her er langt frå Sunnmørsalpane, men også godt med avveksling, med turar i skog og hei. Fyl med i Vestlandsnytt det som opptek det politiske livet i Herøy, og ser utfordringane. Men som folk seier, det er i motbakke det går oppover, og framover. Å gjere alle til lags, er uråd.

Vi vil med dette ønskje familie, slekt, venner og gode naboar, ja, alle i Herøy, ei retteleg god påske!

Beste helsing

Tatjana og Kjell