Magne Løvoll, styreleiar i Rovdefjordsambandet A:

"Rovdefjordsambandet – eit verdiskapingsprosjekt"

Innlegg av Magne Løvoll.

  Foto: Rovdefjordsambandet

Fritt Ord

Ferjestrekninga Årvik – Koparnes vil bli avløyst med bru over Rovdefjorden frå Bjørlykka i Vanylven kommune til Storneset i Sande kommune. Det er planlagt med flytebru på 1500 meter og skråstagbru med 45 meter seglingshøgde over Saudeholmsundet, alternativt sluseløysing slik at skipstrafikken kan passere.

Rovdefjordsambandet AS har sidan 2011, og fram til i dag, brukt betydelege ressursar for planlegging og å synleggjere moglegheitene dette sambandet vil utgjere for verdiskapinga langs kystvegen Ålesund –Bergen. Det ligg store verdiar i å knyte saman bustad- og arbeidsregionar lokalt, samtidig som regional transport i ein verdiskapings­region vil få heilt andre rammevilkår når reisetida blir redusert og transport-moglegheitene vert meir effektive.

Kystvegen høyrer til i ein del av landet vårt som har stor verdiskaping. Marine og maritime næringar utgjer ein stor del av den verdiskapinga som er i denne regionen. Dei 275 største bedriftene mellom Florø og Ålesund hadde i 2019 ei samla omsetning på over 150 milliarder kroner. Selskap som Mowi, Sibelco og fleire som ikkje har postadresse i regionen er då ikkje rekna med her.

Kart  Foto: Anette Fjeld

Denne fjordkryssinga bidreg ikkje berre til å knyte saman Vanylven og Sande, men store arbeidsmarknadsregionar som ytre Nordfjord og Søre Sunnmøre. Samarbeid mellom kommunane på Sunnmøre og Nordfjord kan også intensiverast på mange område. Sambandet vil også skape ein tids-

besparande tilkomst frå Nordfjord og Vanylven til sjukehusa i Volda og Ålesund og ikkje minst, ein ny kvardag for dei mange som pendlar til og frå arbeid kvar dag. Det er med hjelp av gode kommunikasjonar og transportårer vi skaper vekst og utvikling.

Rovdefjordsambandet har i 2020 vore igjennom ein grundig prosess der ein har fått redusert totalkostnadene på prosjektet som i 2018 vart presentert gjennom forprosjektet som då låg på 4,2 milliardar. Kostnadane er no reduserte med om lag 30 %. Dette er oppnådd mellom anna ved hejlp av innkorting av ilandførsingspunkta på begge sider av fjorden. Ny flytebruteknologi er utviklia gjennom samarbeid med Prodtex Industrier as og Dr. Techn Olav Olsen som også har utarbeidt eit revidert planprogram som no vert langt fram til offentleg høyring i kommunane Vanylven og Sande.

Ny revidert kommunedelplan vil vere klar i løpet av 2021. Møre og Romsdal fylke, som vegeigar, må då gjere vedtak for den vidare prosessen fram til byggestart. Byggetida for prosjektet er berekna til 3-4 år.

Vi har stor tiltru til at våre fylkespolitikarar ser nytte i dette viktige samferdselsprosjektet og vil gjere dei nødvendige vedtak slik at sambandet blir realisert i nær framtid.