Full støtte frå Remøya:

Vi håper inderleg på ei trafikksikring på denne farlege vegstrekninga

På vegner av Remøy og Sævik Grendalag ynskjer vi å uttrykke vår støtte til planane for ny veg på strekninga Leine – Leite.

Fritt ord:   Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Aleksander Tarberg presenterte, i Vestlandsnytt tysdag 16. februar, utkast til første byggesteg – nemleg ei vegløysing med fortau på denne om lag 500 meter lange strekninga.

Vi som køyrer denne strekninga kvar dag vil poengtere viktigheita av tidleg å kome i gang med neste byggesteg; ei utvinning av vegen, samt gangfelt, vidare frå Leite til Voldsundneset, då dette er ei strekning som har uoversiktleg synsfelt mange plassar på strekninga.

På vegner av bygdefolket på Remøya håper vi inderleg på ei trafikksikring på denne nokså farlege vegstrekninga. Vi har no i mange år blitt vane med lange planleggingsprosessar og opp- og nedprioriteringar som har skuffa oss gong på gong. Slik planlegginga ser ut no, gir det oss nytt håp for trygging av mjuke trafikantar og tryggare køyreforhold for bilistane.

Langs denne vegstrekninga får vi stadig høyre om nestenulukker og utforkøyrsler. Vi som ferdast her kvar dag opplever ein stadig aukande biltrafikk på strekninga og fleire passeringar av tungtransport og turistar. Dette uroar oss ettersom vi kjenner godt til både den smale vegbreidda og den dårlege sikta. Vi opplever dagleg at dei tilreisande, som oftast ikkje har fått med seg innsnevringane i vegen, køyrer på som det skulle ha våre ein tofelts veg.

Bebyggelsen i Leinebygda har auka dei siste åra, og dette gir store utfordringar for dei mjuke trafikantane som skal ferdast på ein slik utrygg veg.

Vi i Remøy og Sævik grendalag håpar på det sterkaste at dette prosjektet skal gå i orden. Det siste vi ynskjer er ei tragisk ulukke i dette området. Det kan vel så gjerne vere skulebussen som våre barn sit i. Vi har ingen å miste.

Remøy og Sævik Grendalag