Leiaren i Herøy Frp om ferjepris-utspel frå AP:

Valflesk frå Kjølmoen og Ap

Karl-Oskar Sævik: Frp-politikaren reagerer på eit valløfte frå Arbeidarpartiet.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord

Forrige veke kunne vi lese at Per Vidar Kjølmoen lover å halvere ferjeprisane om Ap kjem til makta i haust. Dette er eit utspel som har provosert mange, då vi ikkje skal lenger enn ei veke tilbake i tid før sist gong Kjølmoen var med på å stemme ned forslag om å redusere ferjeprisane i Møre og Romsdal.


Ferjelovnad frå Arbeiderpartiet:

Vil halvere ferjebilletten, om dei får hendene på rattet

Billettprisane på ferje vil bli halverte med ei Ap-leia regjering til hausten.


Frank Sve og resten av Frp-gruppa fremma forslag mandag 25.01 for å redusere ferjeprisane med to takstsoner, som ville betydd ein reduksjon på ca 30 %. Dette stemte Ap og Sp med fleire ned. Det er då etter mi meining ganske frekt å gå ut og love halverte ferjeprisar ein dag etterpå. Eit løfte som krev at folk skal stemme på Ap før dei vil løfte ein finger. Det er heller ingenting i Ap sine alternative budsjett som tyder på at dei tidlegare har prioritert ferjene dei siste 7 åra.

Framstegspartiet har prioritert å fjerne bompengane i Møre og Romsdal, og for kort tid sidan blei Møre og Romsdal bomfritt. No er det derimot ferjene sin tur. Frp har varsla at forslaget om å redusere prisen med to takstsoner på alle fylkesferjer, vil bli fremma på nytt både i fylkesutvalet og i fylkestinget. Då får Ap og Sp anledning til å vise kva dei meiner om ferjeprisane i fylket. Eg er desverre redd for at Ap og Sp fortsatt vil meine at bypakkar og opera i Kristiansund er viktigare enn reduserte ferjeprisar.

Karl-Oskar Sævik

leiar i Herøy FrP