Kjære kommunestyre og kommune-direktør - takk for julegåva!

Før jul stod det å lese at det er vedteke å pålegge oss arbeidstakarar innanfor helse og omsorg i turnus tredelt ferieavvikling.

Fritt ord:   Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Kva er dette? Betyr det berre tre veker ferie om sommaren? Uansett betyr det meir ferie utanfor den normale tida for ferieavvikling. Dette er noko som aldri har vore nemnt tidlegare, og så berre vedtek de dette utan vidare?

Det blir opplevd som total overkøyring. Har vi ikkje noko vi skulle sagt når det gjeld eit så stort inngrep i våre liv?

Det de har klart å oppnå med dette vedtaket så langt er å forsure arbeidsmiljøet vårt kraftig når dette temaet kjem på bana. Det er mykje frustrasjon ute og går. Vi treng å kunne fokusere energien vår på våre pasientar og ikkje slikt tull. Særleg no med den meirbelastinga vi står i med Covid-19 og alt det medfører. Det kunne ikkje ha kome på eit verre tidspunkt.

Vi reknar då sjølvsagt med at vedtaket gjeld resten av dei kommunalt tilsette i alle etatar. Noko anna er blodig urettferdig.

Vi jobbar allereie kvar 3. helg, julekveldar som andre høgtidsdagar,som andre tek som sjølvsagt at ein har fri. Barna våre og andre familiemedlemmer, samt venner har fri. Ferien er den tida på året vi har den beste moglegheita til å tilbringe tid i lag med våre på lik linje med andre. No vil de ta ifrå oss og familiane våra det også. Skam dokke!

Med den arbeidsbelastinga vi har både fysisk og psykisk treng vi fire veker ferie. Fleire folk lever lengre og med det eit meir samansett og krevjande sjukdomsbilde.

Første veka av ferien går derfor, for mange av oss, med til å roe ned, slappe av og hente seg inn før ein har overskot til å delta på ferieaktivitetar med familie og venner. Tre veker blir då for lite.

Ikkje forstår vi oss på korleis de har tenkt at dobbelt så mykje restferie skal avviklast resten av året. Det er om sommaren vi har tilgang til kvalifiserte ferievikarer som sjukepleiestudentar, helsefagelevar, ein og anna legestudent, samt våre trufaste vikarar som stiller opp.

Mange av vikarane våre har også faste helgastillingar og er godt kjende i avdelinga.

De kan ikkje forvente at vi fast tilsette kjem til å stille opp på nokon måte for å løyse eit problem som de har skapt, og som de har tredd nedover øyrene våre! Kanskje de har tenkt å kome og ta ekstravakter?

Til vanleg er vi både smidige og løysingsorienterte for at ferien skal kunne avviklast på ein forsvarleg måte og alle skal få avvikle sin ferie. Med å oppretthalde dette vedtaket, øydelegg de denne godvilja.

Kommunedirektøren kom med fine ord og fortalde at han kan turnus på sin orienteringsturne rundt på dei ulike arbeidsplassane. Yes, tenkte naive oss. Endeleg ein som vil ta tak i alle dei uønska deltidstillingane kommunen opererer med!

Men ne idå. TRE veker ferie! Kva er det? Kva slags personalpolitikk er dette? Er dette måten å ivareta sine tilsette som stiller opp til alle døgnets tider, helg og høgtid? Det er mange hundre dette går utover og også våre familiar.

Er det overlappinga i ferien de tenkjer på? Det løysest med at det er nokon som tek ferie til litt andre tider enn hovupulja. Vi hjelper også kvarandre på tvers av avdelingar. Slik har det også tidlegare vore gjort.

Har de ikkje tillit til at dei ulike seksjonsleiarane har fokus på forsvarleg drift? Det har dei, men dei ynskjer også å ivareta den enkelte arbeidar og vil finne den løysinga som er best for alle. Med dette vedtaket, trur vi de gjer jobben deira vanskelegare også. De skaper ein mindre smidig arbeidsstokk med meir restferie som skal avviklast. Restferien kan vi, i fylje ferielova, krevje å få avvikle samanhengande.

Er det noko å spare på dette vedtaket? I så fall kan de vise oss den rekneskapen? Fast tilsatte og utdanna personale er då dyrare enn vikarar og ufaglærte?

Men det må derimot vere mykje pengar å spare på å få ned talet på uønska deltidsstillingar; her ligg Herøy kommune veldig langt bak og det er verkeleg noko som burde jobbast med!

Vi yter vårt beste på jobb for å ivareta også dykkar sine eldre og dei med utfordrande helse, men fritida vår er også veldig viktig for oss.

Kommunestyret har mange gongar før gjort om på vedtak. Vi forventar at de gjer om på dette.

Vert dette vedtaket ståande, finnst det heldigvis kommunar rundt oss og andre arbeidsplassar som framleis lever i dette århundret og ikkje lar utviklinga gå baklengs, men framleis har fire veker ferie innanfor den normale tida for ferieavvikling, og då skal de ha lykke til med den vidare rekrutteringa!

Med helsing frustrerte arbeidstakarar ved Herøy Sjukeheim