8. oktober blir det det vardetenning på Kraksethornet:

- Ein fare for varig øydelagde nærområde

Foto: Frå ei tidlegare vardebrenning på Kraksethornet  Foto: Privat

Fritt Ord

8. oktober tenner vi varden på Kraksethornet. Vi tenner den for å varsle om fare. Ein fare for varig øydelagde nærområde, friluftsområde og naturperler. Ein fare som truar naturmangfaldet. Ein fare for lokaldemokratiet. Ein fare for splitta bygdesamfunn. Ein fare for forureining av naturen og drikkevatnet vårt. Ein fare som truar våre levevilkår og oppvekstvilkåra for våre born og deira etterkomarar.

Vindkraftutbygginga no er heilt texas. Entreprenørane hastar seg fram, og dei kan setje det meste av lovverk til side, gjerne med hjelp frå politiet om dei treng det, for å bli ferdig til fristen for igangsetting. Å nå denne fristen gjer at dei kan heve hundretals millionar i støtte gjennom dei grøne sertifikata. Det er vel berre profittørar og dei mest innbarka tilhengarane som lenger trur på at vi treng denne straumen som vindkrafta genererer. Vi bur i eit land som i eit normalår nettoeksporterer straum tilsvarande forbruket til 500 000 husstandar. Vi har også mykje å hente på energisparing og -effektivisering, samt å ruste opp vasskrafta vår. Kvifor skal vi pøse ut milliardar på å å hastebygge ny kratindustri i sårbar natur, før vi i det minste hentar ut det vi kan av dei kraftverka vi alt har bygd? Lokale politikar er i ferd med å vakne og forstå (ref. ordføraroppropet mot vindkraft), men framleis sit sentralleiinga i dei fleste parti og talar varmt for rask auke i vindkraft både på land og til havs. Dei ser kanskje ein gevinst for Noreg sin klimarekneskap og goodwill innan europeiske handelspartnarar, men dei gløymer totalt sitt eige folk, og dei verdset naturen vår til null. Dei verkar også som dei gløymer at Noreg også har plikter overfor FN for å ivareta naturmangfaldet, samt til å snu trenden med tap av natur. Det hjelp lite å reparere eit skytefelt på Hjerkinn, dersom ein samstundes raserer natur andre stadar i eit tempo som vi aldri har sett før i landet vårt.

Varden på Kraksethornet brenn, saman med fleire hundre andre vardar landet rundt, for å vise at vi ikkje aksepterer den energipolitikken som blir ført. Vi aksepterer ikkje at naturen vår vert verdsett til null, og må vike for noko som vi ikkje treng og som faktisk vi sjølve er med på å finansiere. Vi vil at utbygginga over fjorden på Stad skal stoppast, inntil den tvilsame konsesjonen der vert granska skikkeleg. Vi vil at det planlagde fjøresteins-vindkrafttanlegget "Havsul" vert skrinlagt, for her er det tydeleg at konsekvensane for fugl og fisk ikkje er godt utgreia. "Havsul" vil ha store konsekvensar for m.a. fuglane på Runde, som har matfatet sitt midt i det planlagde anlegget. Vi vil også at anleggsverksemda på Haramsøya må stanse til saka er handsama i retten. Ei lokal gruppe der har dokumentert minst 14 grove feil med sakshandsaminga i den konsesjonen. Vi vil at sentrale politikarar skal vakne og sjå verdiane som dei er i ferd med å øydeleggje.

Frode Høgset

leiar for aksjonsgruppa "Vern Hovda"