Herøy kommune:

"Smittevern – ei orientering"

Korona Covid-19 

Fritt Ord


Det er 6 månader sidan landet og kommunen sette i verk omfattande tiltak mot pandemien med Sars-Cov-2-viruset.

Kommunene sine oppgåver er forankra i Smittevernlova (SML). Kommunene står sentralt i regjeringa sin strategi, beredskapsplan og gjennomføring av smittevernet.

Organisering.

I Herøy er den overordna leiinga av pandemiarbeidet og beredskapen lagt til kriseleiinga. Den administrative leiinga er lagt til kommunedirektør - sektor for helse og omsorg - avdeling for barn, familie og helse.

Kvar kommunal sektor, næringsliv og organisasjonar har ansvar for iverksetting av sine tiltak og utarbeiding av sine beredskapsplanar knytt til pandemien. Smittevernoverlegen og helsesjukepleiar hjelper til med smittevernfagleg kunnskap både overfor kommunen sine tenester, næringslivet, organisasjonar, kyrkje, kultur, einskidpersonar og andre.

Informasjon til publikum via alle typar medium har vore prioritert og viktig.

Tidshorisont

Viruset er spreidd i alle land og vert importert til Noreg med jamne mellomrom. Viruset er til stades i Noreg og gir lokale og regionale utbrot fortløpande. Vaksine ligg føre tidlegast første halvår 2021. Berre utvalde grupper får vaksine i første omgang. Vaksinasjon er i beste fall gjennomført innan utgangen av neste år. Pandemien kjem altså til å prege lokalsamfunnet vårt i heile 2021.

Nasjonal strategi - lokalt ansvar.

Formålet med smittevernet er både å førebygge at det kjem smitte til kommunen, og avgrense/stoppe smitte som måtte kome i kommunen.

Det er fire forskjellige tiltak som er berebjelkane i både det lokale og nasjonale smittevernet:

1) Dei enkle smittevernreglane:

Hald avstand minst 1 meter - Hald deg heime om du er sjuk/førkjølt - Hypping handvask med såpe/vatn eller sprit.

2) TISK – strategien: Testing – Isolering – Sporing – Karatenesetting. Kommunene har ansvar for dette ved lokal smitte.

3) Nasjonale og lokale tiltak ved ukontrollert smitte som td.: Stenging av skular, barnehagar, serveringsstadar, heimekontor osv. Tiltaka vert tilpassa utbrotet.

4) God og rask informasjon til innbyggjarane om tiltak og ved smitte i befolkninga.

Beredskapen vår er bygd opp kring disse fire punkta.

Lokal beredskap.

Dei lokale tiltaka og beredskapen er bygd opp stegvis over tid.

1) Dagleg informasjon og rettleiing til all kommunal verksemd, næringsliv, organisasjonar og enkeltpersonar.

2) Koronatelefon og korona-e-post etablert.

3) Sentralt lager med smittevernutstyr oppretta.

4) Etablert teststasjonar og smitteklinikkar ved begge legesentera. Testkapasiteten er god og i samsvar med krav frå helsestyresmaktene. Time kan bestillast elektronisk på lege- sentera sine heimesider.

5) Etablert smittesporingsteam som er i beredskap. Elektronisk smittesporingsprogram iverksett.

6) Lister over og opplæring av reservepersonell til teststasjonar og smittesporingsteam.

7) Oppdatert og fortløpande informasjon til publikum på heimesider, sosiale medium og Vestlandsnytt.

8) Sett i verk smittevernprosedyrar i alle kommunale sektorar, i næringsliv, organisa- sjonar, idrett, kyrkje osv.

9) Varslingsprosedyrar til lokal krisestab ved lokalt utbrot av Covid-19.

10) Plan for gjennomføring av vaksinasjon når vaksine er klar.

Oppsumert

Vi har i Herøy ikkje hatt tilfelle av Covid-19 sidan slutten av mars. Hovedfokus har difor vore å førebygge at smitte skal oppstå, å fange opp smittetilfelle så tidleg som mogleg for å hindre vidare spreiing, og ha beredskap for å slå ned smitte så snart det oppstår.

Den viktigaste innsatsen vert gjort av den enkelte innbyggjar ved å følgje smittevernråda og ved å vere tidleg ute med å verte testa når det er grunn for det.

Kommunen har etter kvart bygd opp tiltak og beredskap som vert sett i verk ved lokale smittetilfelle.

Vi må førebu oss på at heile neste år og vert prega av pandemien og smitteverntiltak. Det er knytt håp til at det kan kome ein vaksine i løpet av 2021. I mellomtida må vi vere uthaldande og tålmodige og leve etter «den nye normalen» til så lenge.

iselin øvrelid kommunikasjonsmedarbeidar